Hilde Toven 2. kandidat for Nesset Venstre

Hilde er 36 år og arbeider som spesialpedagogisk rådgjevar ved Sunndal, Tingvoll og Nesset PPT kontor.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Hilde Toven er utdanna som adjunkt med etterutdanning i spesialpedagogikk og logopedi.
Ho har arbeidd som lærar ved barne- og ungdomsskole, norsklærar for framanspråklege og dei siste
8 åra har ho vore spesialpedagogisk rådgjevar ved PPT.

Ho er særleg oppteken av eit godt barnevern i ei tid der stadig fleire born og familiar treng støtte.
Det er og viktig at Nesset har eit likeverdig barnehage- og skuletilbod uavhengig av lokalisering og storleik.
Kunnskap er bærebjelken i samfunnsutviklinga og dermed også langsiktig næringspolitikk.

Nesset naturen har unike kvalitetar, og Hilde ynskjer at kommunen skal marknadsføre desse kvalitetane og utnytte dei i næringsutvikling.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**