Arendal kommune skal ha utslippsfrie bilar innan 2010, krev Venstre. Det er berre snaue tre år til 2010. Dette er også den perioden Ford Fiesta er kjøpt for.
Nå må arbeidet med neste anbud startast straks. Alle bil-leverandørar må kontaktast umiddelbart med varsel om neste anbudsfrist, og med varsel om at Arendal kommune vil ta kontakt med samtlege andre kommunar i Aust-Agder, Vest-Agder, Telemark og Vestfold med sikte på felles innkjøp/leasing-avtale fra 2010.
Alle oljeselskap med stasjonar i Arendal må kontaktast straks for å få anbud på levering av biodiesel av absolutt beste miljøkvalitet til dei bilane som nå skal i bruk. Pr i dag er det berre Statoil-stasjonen på Vesterveien som har konkrete planar om biodiesel. Men Esso, Shell, Hydro-Texaco vil ikkje også dei vere med i framtida? Vil dei la sjansen til å vere leverandørar i Arendal og på Sørlandet gå frå seg? Dei bør straks melde seg på, tilby bio-diesel, LPG-gass og uttak for straum til el-bilar.
Arendal kommune har vore for svake i anbudskrava. Kommuneadministrasjonen burde sett krav om at for dårlege miljøløysingar i dette anbudet ville føre til at anbudet kunne trekkast tilbake, slik at vi kunne kome i gang alt nå og ikkje om tre år.
Ford Fiesta er eit lite steg framover, men eit altfor lite steg. Det er sjumilssteg vi treng, i kampen for miljøet og klimaet.