Venstre vil halvere prisen på Ungdomskort

I avisa Sør-Trøndelag den 29. august skriv Lavrans Skuterud og Elisabeth Paulsen om Venstres arbeid for å få eit betre og billigare kollektivtilbud, både i kommunen og i fylket. Dei vil ha halv pris på Ungdomskort i fylket, og ein fast og låg pris for bussreiser innan kommunegrensene. Heile innlegget kan du lese her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Blå buss på Slemmestad

Foto: MarySandalJohansen

Venstre vil halvere prisen på Ungdomskort
Satsing på kollektivtrafikk er eit viktig ledd i kampen for klimaet på jorda. Avisa Sør-Trøndelag skreiv 23. juni om den meir enn dobbelt så høge Ungdomskort-prisen i Sør-Trøndelag, samanlikna med snittet for resten av landet. Kr. 800 kostar det ungdom i Sør-Trøndelag for eit månadskort på kollektivtrafikken i fylket. På fylkestinget har Venstre gått inn for, og kjem fortsett til å gå inn for, å halvere denne prisen. I fleire fylke går Venstre også inn for å få til grenselause ungdomskort mellom fylka, og dette bør vi også arbeide for i Midt-Noreg. Dessutan arbeider Venstre for betre og meir miljøvennlege løysingar i kollektivtrafikken i fylket, og for høghastigheitstog Trondheim — Oslo.
I Orkdal vil Venstre ha ein fast og låg pris for bussreiser innan kommunegrensene, à la prissystemet på buss i Trondheim (kr. 11/22 for barn/vaksne uansett strekning). Til distriktskommune å vere har vi eit ganske godt busstilbod i Orkdal, men det bør bli betre! Med ein fast og låg pris på buss vil det bli enda lettare transport til dei mange tilboda på Orkanger, spesielt for dei som bur sør i kommunen, t.d. for ungdom til kino eller fritidsklubb m.m. i Idrettsparken.
Betre kollektivtilbod til unge handlar også om tryggare trafikk, mindre forureining og ein meir ansvarleg livsstil.

Elisabeth

Foto: NN

Elisabeth Paulsen, 1. kandidat Sør-Trøndelag Venstre

Lavrans Skuterud

Foto: NN

Lavrans Skuterud, 3. kandidat Orkdal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**