Politikarane på Tysnes har tenkt kortsiktig!

Det er gledelig at Høgre også lokalt er inne i ein snuoperasjon i kyststamvegsaka, om dei ikkje enda er klar til å flagga det.
Krf står på vedtaket, men med stadig fleire unnskyldningar for korleis dette er til det beste for regionen, skriv Torstein Hatlevik, ordførarkandidat for Tysnes Venstre og 7. kandidat til fylkestinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Krf sin retorikk er ikkje basert på ny informasjon og oppdaterte fakta.
Som eg tidligare har begrunna, er eg overtydd om at Andlavågalternativet aldri blir realisert. Å sei at ved å støtte dette alternativet framskunder ein det ferjefrie alternativet, er retorikk som ikkje heng saman. Ingen bruker nær 1200 millionar på ei førebels løysing som ikkje er noko bedre enn det dei allerede har!
Me kan ikkje kjempe åleine for eit prosjekt, me må ha støtte frå andre kommunar og organisasjonar.
Me får ikkje bru uten at vegtraseen videre er bestemt!
I forstudien til ferjefri kyststamveg legg det opp til at brua over Lagenuen og over til Os blir bygd først, dette vil løyse ut middlane som går som subsidier til dei to ferjene i dag. Me må jobbe for å få dette til snarast, ikkje i 2033 som Krf tenkjer.
Me må jobba for framtida, me må våga å prøva nye vegar!

Vei

Foto: Microsoft

Tysnes har vært prega av kortsiktig tenking, vinglete politisk styring og populistiske vedtak.
-Var det lurt å bygga nytt kjøkken på gamleheimen om me ikkje skal ha den videre?
-Burde me bygd nyedelen av sjukeheimen om me flytter den?
-Kvifor bruka me 8,5 millionar på utbygging av Lunde skule utan å analysera kva plass me treng i framtida?
-Er vedtaket om bygging av nytt varmeanlegg til 12 mllionar på sjukeheimen ei god invistering? Då utan at me vurderer kva som skal skje videre før me bygger dette! Det blir 12 mill ut vinduet om me bygger ny sjukeheim!
-Var det god invistering å låna ein million til ensy for å hjelpe til med flyttelasset til Romania?
Lista kunne vært mykje lenger, men det er nokre døme!

Eg meiner Tysnes treng ærlige, kreative og framtidsoptimistiske politikarar, nokon som har energi og kreativitet til å legga om kursen.
Me treng nokon som har vilje og mot til å tenke langsiktig. Nokon som samarbeider med innbyggarane, men ikkje snur kappa etter vinden. Venstre skal væra garantien for ein framtidsretta og kreativ kommunepolitikk, me skal saman med innbyggarane fylla segla med vind. Me er framtida, sats på Venstre!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**