Fleire arbeidsplassar på Voss!

Også i valkampen på Voss er fleire arbeidsplassar og nyskaping i næringslivet eit viktig tema. Rolf Abrahamsen og Rigmor Onarheim frå Voss Venstre peikar i eit innlegg i lokalavisa «Hordaland» 28. aug. m.a. på kor viktig det langsiktige arbeidet og ei positiv innstilling til nye impulsar er.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Fleire arbeidsplassar, ja — og så?

Vi er alle einige om at Vossabygda treng fleire arbeidsplassar for å oppretthalda og auka folketalet, og vera eit velferdssamfunn også i framtida. Men korleis skal vi oppnå dette?

Det finst dessverre ingen enkle og kjappe tiltak. Sjølvsagt må vi oppretthalda og vidareutvikla landbruksbygda og turistmålet Voss, kulturbasert næringsutvikling, bruka skogen meir osb.. Derimot kom det fram på tettstadkonferansen på Voss 22. aug. at eit kjøpesenter med kjedebutikkar, gir færre arbeidsplassar og mindre pengar tilbake til lokalsamfunnet enn tilsvarande omsetning i lokaleigde butikkar, slik som på Vangen..)

Heldigvis har fleire bedrifter dei siste åra utmerka seg både som nyskapande, lønsame – og som viktige ambassadørar for Voss som merkevare. Klede, lokalmat, og ikkje minst opplevingsturisme har vist seg å ha stort potensiale.

Kommunen må vera positiv og støtta nyetablering av bedrifter. Ikkje minst er det viktig med støtte og oppfølging av kvinnelege gründerar — dei har stayerevne! (Og Venstre har i Stortinget fremja forslag om at gründerar må få dei same trygderettar som tilsette.) Ein kvar gründer med gode idear kan skapa morgondagens arbeidsplassar, det lyt me aldri gløyma!

Men nyskaping i næringslivet er først og fremst eit langsiktig arbeid. Dvs. at vi m.a. må ha ei grunnleggjande positiv haldning til nye impulsar, støtta personar med idear og kreativitet, vektleggja fantasi og skapande evner i skulen, ha elevbedrifter. Og merkenamnet Voss kan utnyttast endå betre!

Dette må liggja i botn for Voss kommune sitt aktive arbeid for nye arbeidsplassar! Kommunen må vera fleksibel, og heile tida vurdera verkemiddel og ramevilkår. Kraftfondet er ei viktig verktøykasse!

Og sjølvsagt; i og med at stadig fleire får høgre utdanning, må vi leggja stor vekt på å få arbeidsplassar der slik utdanning er ønskjeleg og nødvendig.

Og — vel endå meir sjølvsagt — nært samarbeid mellom kommune, bedrifter, organisasjonar og private er nødvendig!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**