Vi lar oss alle imponere når Vigra skule gjennom si målretta satsing har oppnådd sin status som demonstrasjonsskule. Samstundes veit vi at utfordringane i skulen er mange, og at skulen si evne til å løyse dei avheng av lærarstaben og skuleleiinga, samarbeid skule – heim og av at skulen har ressursar til nødvendige tiltak.
I dag får kvar skule i kommunen eit fast budsjett for kalenderåret å drive for. Dersom ein skule må bruke meir ressursar enn planlagt for å gje eit godt nok tilbod til ein eller fleire elevar, må pengane takast frå skulen sitt eige budsjett. Det betyr mindre pengar å sette inn i tilbodet til dei andre elevane.
Vi i Giske Venstre ønskjer ikkje at uforutsette behov som kjem opp i løpet av skuleåret skal belaste det faste budsjettet. Vi veit at det i løpet av skuleåret dukkar opp behov som ikkje var inne i planlegginga for budsjettåret. Det blir feil at rektor ved den enkelte skule må gjere ei avveging av om dei med uforutsette behov, eller alle andre skal få mindre ressursar til sitt skuletilbod.
Venstre ønskjer ein skule for kunnskap og like muligheiter, og vil styrke skulen ved å gi læraren muligheiter til å kunne sjå den einskilde eleven sine behov og ressursar til å møte dei.
Giske Venstre vil gå inn for at skulebudsjettet sentralt blir styrka med ein reserve som skal brukast til å kunne takle uforutsette behov ute i skulane gjennom budsjettåret, utan at skulen sine planlagde aktivitetar må skjerast ned på.
For Giske Venstre,
Britt Giske Andersen, Anne-Lise Roald, Ole Furnes, Svein Gjøsund, Runa Godø Sæther, Britt-Elin Roald Farstad