Utvid Ungdomskortet!

Ungdomskortet bør óg gjelde på nattbusser, seier ungdomskandidaten vår Bjørn Magne Hufthammer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Hordaland Venstre meinar at ungdomskortet er ein viktig faktor når ungdom skal velja kollektiv transport. Etterkvart har kortet utvikla seg til å bli ein særs god løysing, men det fints forsett kollektiv tilbod som ikkje blir omfatta av ungdomskortet. Dette gjeld blant anna nattbussar.

Bjørn Magne Hufthammer

Foto: MK

– Nattbussar er eit godt alternativ til lange taxikøar. Difor vil me i Hordaland Venstre at undomskortet skal gjelde og på nattbussar, seier Bjørn Magne Hufthammer, 4. kandidat ved fylkestingsvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**