Britt Elin Roald Farstad

Bli kjend med kandidat nummer seks, og yngstemann på lista vår.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Britt Elin Roald Farstad er 25 år og fødd og oppvaksen på Vigra. Ho er gift, og bor for tida på Valderøy. Ho held no på for fullt med husbygging på Godøya. Britt Elin er utdanna allmennlærar og arbeider ved Godøy skule, på småskulen og ungdomstrinnet. Ho er aktiv og prøver å få tid til flest muleg fritidsaktivitetar og å halde seg i form.

Britt Elin Roald Farstad

Foto: Ove Paulsen

Saker eg vil arbeide for:
Britt Elin har i tre år arbeidd som MOT informatør i Giske kommune.
– Eg ønskjer å få gi mitt bidrag til eit varmare og tryggare oppvekstmiljø her i Giske, seier Britt Elin når vi spør henne kvifor ho har engasjert seg i MOT arbeidet.

Britt Elin køyrer motorsykkel, og har både jegerprøve og dykkerlappen. Ho arbeider òg som spinninginstruktør ved Giske treningssenter. Ho er aktiv i korps, og speler walthorn i Vigra og Valderøy Ungdomsmusikk. Her sit ho òg i styret og har arrangementansvaret.

Eg er oppteken av å styrke kulturlivet i Giske. Eg trur eitt av tiltaka vi kan gjere, er å opprette eit miljø- og kulturutval. Vi må arbeide for å samordne og utveksle erfaring mellom dei ulike aktørane, og ein må setje fokus på kor viktig kulturlivet er for bo-lysta i kommunen vår.

Gjennom min eigen oppvekst, og gjennom det arbeidet eg gjer i det daglege ser eg eit stort behov for meir tilbod til ungdomen. I Giske kommune har ein framleis ikkje eit fullgodt ungdomshus, der ein kan halde på med ulike aktivitetar i trygge og koselege omgivnader.

Eg vil og arbeide for at vi klarer å få heim ungdommen etter fullført utdanning, det skal vere lettare å få seg tomt og kommunen skal bidra til eit variert næringsliv med rom for nyskaping.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**