Medlemsbrev frå fylkesleiaren

No var sommarferien til ende. Håpar alle har lada batteria, utan å la seg irritera over vèret. Det er som det er, det er berre å gjera det beste ut av det, skriv fylkesleiar Sølvi Merete Mangerøy

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Hordaland Venstre og ein del av lokallaga har vore flinke til å nytta ferien til å vera synlege i lokalpressa og regionpressa. Små innlegg og reportasjar er viktige for å halda seg synleg.

Valkampopninga vart gjennomført på Bryggen 17.august. Vakre, historiske omgjevnader for opning og pressekonferanse. Fokus på klima/miljø og skule. Harald Hove og Lars Sponheim hadde presentasjonar av sakene. Vidare vart det gjennomført ei kandidatsamling 17. og 18. august. Eit aktuelt og variert program hadde som mål å inspirera og informera! Tilbakemeldingar frå dei som deltok var gode. Me hadde besøk av leiaren vår som hadde eit inspirerande og godt innlegg, 1.kandidaten vår til fylkestinget, Harald Hove, leverte også godt. Her fekk me både eit politisk rekneskap og visjonar for neste periode. Inspirerande og svært ulike appellar frå fire ordførarkandidatar fekk me også. Eg er glad appellane var så ulike. For eit verv som ordførar er svært samansett og variert, og med ulike utfordringar i ulike kommunar. Dette kom godt fram.

I skrivande stund er det 14 dagar att til valdagen. 14 hektiske, inspirerande, utfordrande, kjekke dagar. Dagar der me må ha som mål å møta flest mogleg borgarar som me kan be om fornya tillit hjå. Å ha lagt ut program og liste over kandidatar på heimesidene er viktig. Ha innlegg i lokal- og regionalmedia er lurt. Men det å møta veljarane direkte er det beste ein kan gjera i innspurten. Bruk også det "verktøyet" som ligg på valsidene til Venstre, som å sende eit elektronisk postkort eller rett og slett ta ein telefon! Fleire av oss er kandidatar på kommunevallister og fylkesvallister. Me må hugsa at me er kandidatar for begge listene, og profilera oss som det. Eg er kandidat for Radøy Venstre, og satsar på ein ny periode i kommunestyret. Men eg er også Nordhordland sin kandidat til Fylkestinget. Det er mitt ansvar å markera det i møte med veljarar i regionen vår og gjennom lokalavisene. Fylkesvalkampen er i ditt lokalmiljø! Lokallagar må ta ansvar for at også valmateriellet for fylkeslaget vert delt ut lokalt. Legg det inni den lokale brosjyren når ein distribuerer, enten det er i postkassane eller på stand. Men dette er dei fleste så drilla på at det gjer de sikkert automatisk. Eg er som mødrer flest eg må berre ha sagt det, sjølv om de veit det ☺.

Eg vil runda av denne helsinga, på same måte som eg runda av kandidatsamlinga. I valkampen må alle bidra med det dei kan/ så mykje dei kan. Ikkje tenk at eg har så knapt med tid at det hjelper så lite.. Valkamp er som førstehjelp; det er betre å gjera noko enn ingenting. Gjer med iver og glede det du kan, og ikkje ha dårleg samvit for alt du ikkje får gjort. Dei aller fleste av oss gjer dette dugnadsarbeidet i tillegg til jobb og familie. Det siste ein treng då er å slita med seg ei bør med dårleg samvit! Gjer alle litt, vert det mindre på kvar!

Som ein del har fått med seg, har eg små i vente denne valkampen også.
"Som lyn frå klår himmel" viste deg seg at eg i denne, som i stortings- valkampen har ein baby i vente. Eg ber på framtida! Sist hadde me to på stortinget, og gruppa auka til ti! Denne gongen har me hatt to i fylkestinget, etter 10.september veit me kor stor den gruppa er. Eg berre nemner det ☺

Viktige datoar:
10.september: Valdag!

GOD VALKAMP — GODT VAL!

August – helsing frå

Sølvi Merete Mangerøy
Fylkesleiar

56374211 / 90874052

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**