Faktafeil om klatrehall

Lavrans Skuterud, 3. plass på Venstres liste sier at:
I diskusjonen om klatrehall og idrettshall blir Orkdal Venstre og Arne Grønset kritisert for å bryte med intensjonsvedtaket i kommunestyret 14.9.06 (sjå vedtaket i Rudolf Larsens innlegg 24.aug.).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Faktafeil på leiarplass i avisa ST

Lavrans Skuterud

Foto: NN

I diskusjonen om klatrehall blir Orkdal Venstre og Arne Grønset kritisert for å bryte med intensjonsvedtaket i kommunestyret 14.9.06 (sjå vedtaket i Rudolf Larsens innlegg 24.aug.). I ein kritisk leiar den 25.aug. skriv Sør-Trøndelag at "lokalisering ble diskutert for ett år siden". Politikarane i Orkdal har verken i fjor eller nokon anna gong før august 2007 diskutert lokalisering av klatrehall. Dei har berre sagt ja og godkjend skisseprosjektet frå Orkla Fjellsportklubb og Orklahallen om ev. å bygge hallen ved Orklahallen. Kan avisa ev. namngje politikarar som hadde forslag om anna plassering, og i tilfelle kor, under den påståtte diskusjonen i fjor? Diskusjonen i fjor handla om erstatninga for gamalhallen. At politikarar omtolkar tydinga av vedtaket er ein ting. At vår einaste lokalavis driv villeiing er leit. Det er vel også villeiing å skrive: "Orkdal vidaregåande skole på Fannrem"? Eg ser fram til svara på desse to spørsmåla frå avisa Sør-Trøndelag.
Det er svært hyggeleg å oppleve det engasjementet som lokalisering av Orkla Fjellsportklubbs klatrehallforslag skapar. Eg håpar at både politikarar og avisa Sør-Trøndelag viser like stort engasjement for korleis vi skal få realisert denne klatrehallen, slik at alle kreftene dei har brukt på lokaliseringsdebatten ikkje blir heilt bortkasta. Dei ulike argumenta om lokalisering som til no ikkje har vore nemnd bør vente til vi har realitetar å diskutere.

Lavrans Skuterud

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**