Oddvar B. Høyland, listekandidat Hå Venstre
Kor mange av oss har ikkje sett at når me set kroner etter tala i eit reknestykke, så finn ungane våre svaret på vanskelege reknestykke med ein gong. Sløydsalane var for mange ein arena der me fekk nytta det teoretiske, og var ein arena der til og med dei mindre "skuleflinke" var på same eller høgare nivå enn oss "skuleflinke".
Gleda me alle hadde av å få laga noko fint og etterpå gje dette til foreldre eller besteforeldre må igjen verta våre ungar til del.
Venstre meiner at dei praktiske yrkesfaga er bærare av tradisjonar og kunnskap som vanskelig lar seg formidle gjennom ei einsidig teoretisk framføring. Praktisk meistring og læring er viktige element i den yrkesfaglige opplæringa, og bør etter Venstres syn styrkes. Kunnskap er ikkje bare å kunne et teoretisk fag det er like viktig å utvikle praktiske ferdigheiter.
Med å få sløydsalane tilbake på skulane skapar ein igjen ein arena der det praktisk arbeid vert dyrka.
Spesielt her på Jæren har me arbeidsplassar som treng desse kunnskapane.