Det som undrar meg, og som eg også har sagt i samtalar med leiinga i bomringaksjonen, er at denne aksjonen ikkje har klart å oppdage at også dei fleste andre parti har stemt som Venstre. Forskjellen er berre at Venstre seier det same både før, under og etter valkampen. Også Fremskrittspartiet stemmer for bompengar i Oslo, Os og andre stadar der partiet har makt. Det er berre der FrP er heilt sikre på at partiet kjem i mindretal at dei skrik høgt mot bompengar. Eg er også takknemlig for at fylkesleiar Jarle Andersen i NAF-avdeling Aust-Agder i Arendals Tidende fredag 8. juni seier det same som eg har vore aleine om å seie høgt i valkampane i 2003 og 2005: "Hvis det er helt nødvendig å kreve inn bompenger for å komme i gang så tidlig som mulig, kan jeg gå med på det." I eit stort folkemøte om Barbu i Kjerka i juni fekk eg til og med kraftig applaus da eg gjekk inn for bompengar. Så kanskje dei 10 000 underskriftene frå 2003 begynner å bli litt gamle?
Eg vil kjempe for ny E-18 mellom Arendal og Tvedestrand, gang- og sykkelveg ved E-18 mellom Lillevåje og Goderstad, ein samla gang- og sykkelvegplan i Arendal kommune, tunnel mellom Songebukta og Barbudalen for å skåne bumiljøet i Barbu og vegen Myrene-Stoa. Og om det er nødvendig å betale noe i form av "antennepengar", "bompengar" eller på annan måte, så gjer Venstre og eg det. Ikkje av fryd, men fordi det er nødvendig for å få vegane.
Skulle det vise seg at eg får lov å vere med å kjempe fram veg og enda meir miljøvennlege trafikkårer UTAN at det blir bompengar, er eg sjølvsagt glad for det. Men å berge liv er viktigare enn å verne eiga lommebok.