Miljø
-ein moderne miljønasjon
Skodje Venstre vil:
● ta vare på og sikre naturområde og nærmiljø
● ha kjeldesortering også for matavfall og plast
● opprette miljøstasjonar
● prioritere tiltak som sikrar energieffektivisering og alternative energikjelder. Kommunen skal gå føre med slike tiltak i si eiga drift
● arbeide for avløpsløysingar som kan gjere det lettare å byggje og busetje seg i Brusdal
● arbeide for å få høgspentliner i kabel for m.a. å frigi areal til bustadbygging
● vere restriktiv i strandsona
● utarbeide planar for hytte og naustbyggjing
● arbeide for god, offentleg kommunikasjon mellom krinsane i kommunen og nabokommunane
● arbeide for å byggje ut gang- og sykkelvegnettet i kommunen, t.d. Lia Dragsundet og Bankkrysset – Reitane
● ha betre veg til Solnørdalen
Sosialt ansvar
-meir til dei som treng det mest
Skodje Venstre vil:
● oppretthalde /sikre godt tilbod til eldre og sjuke
● byggje omsorgsbustadar i krinsane
● stimulere til universell utforming av bustader slik at friske eldre kan bu heime lengre
● gi tilstrekkeleg med tilbod om heimehjelp
● auke statusen for dei som arbeider innanfor pleie og omsorg
● auke satsinga på rusførebyggjande tiltak for born og unge
● arbeide for å få alkohol vekk frå daglegvarehylla og inn i eigne lokale
● halde Skodje rein for speleautomatar
Småbedrifter
-kreative og nyskapande
Skodje Venstre vil:
● at kommunen skal drive aktiv marknadsføring av Skodje for etablering av bedrifter og tilby rimelege næringstomter
● stimulere til lokal produksjon av mat og drikke basert på lokale råvarer
Skule og kultur
-kunnskap og like sjansar
Skodje Venstre vil:
● utvikle skulane i dei tre skulekrinsane for å møte morgondagens elevtal
● gi lærarar handlingsrom ved å auke vaksentettleiken i skulen
● legge til rette for aktiv fritid og allsidig idrettsliv for alle
● støtte opp om arbeidet for å skaffe kommunen ei stor-stove for idretts- og kulturaktivitetar
● auke satsinga på kulturskulen for å ivareta kulturtradisjonane
● arbeide for at våre kor og korps kan utvikle seg vidare.
● starte arbeidet med utviding av kyrkjegarden og opparbeiding av parkanlegget mellom kyrkja og banken