Skodje treng forandring!

Venstre er eitt av dei mest aktive partia i kommunestyret i Skodje, trass i at vi berre har tre representantar. Noko av det vi har kjempa for kan du lese om her:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Skodje Venstre har i perioden frå oktober 2003 til juni 2007 sett fram 26 framlegg i kommunestyret. Vi har slett ikkje fått fleirtal for alle framlegga, men vi har mellom anna kjempa for:

● Større økonomiske rammer til skulane og til soknerådet
● Barnehage i Brusdal
● Direkteval til ordførar i Skodje
● Lærlingplassar i kommunen
● Skodje gamle barneskule som
aktivitetshus for ungdom
● Forpliktande miljøansvar for avfall, retur- ordning for plastemballasje, klima- plan for Skodje kommune, alternativ oppvarming i kommunale bygg
● Fordeling av kommunale verv på fleire personar

I mange saker har Venstre, saman med Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og deler av Arbeidarpartiet utgjort eit mindretal som berre har mangla ei eller to stemmer på å verte fleirtal.

Di stemme til Venstre kan forandre Skodje!

Skodje Venstre vil:

● ta ungdom og kulturaktivitetar på alvor
● gjere kommunen til ein miljøvennleg kommune
● gje dei folkevalde større råderett

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**