Vi har ingen liv å miste

På E-18 mellom Tvedestrand og Arendal køyrer vi forbi to barneskolar, to barnehagar, to bedehus, to kyrkjer, ein landbruksskole, eit ungdomshus, ein idrettsplass, men ingen viltgjerder. Og enda verre: Vi køyrer forbi 53 avkøyringar på veg sørover og 43 nordover. Ingen av desse er sikra på noen måte. Tørr asfalt på E-18 er eit syn i grått-kvitt, med stygge bremsespor stort sett ved kvar einaste gardsveg. Mellom Lillevåje og Goderstad er det ikkje gang- og sykkelveg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Av Jan Kløvstad, førstekandidat for Arendal Venstre

Jan Kløvstad i Think (elbil)

Foto: Erlend Sand

Alle molendingar og holtingar langs den farlege E-18 må krysse vegen anten på veg til eller frå arbeid, skole eller barnehage.

Mellom Stølen og den komande nye E-18 i Grimstad er det 8 sidevegar på veg sørover, alle med trygg avkøyring og plankryss. På veg nordover same strekning er det 7 avkøyringar. Mellom Tvedestrand og Østerholtheia er det 11 avkøyringar både nordover og sørover, alle godt sikra også der. E-18 mellom Arendal og Tvedestrand blir ein stadig farlegare flaskehals mellom gode veger på begge sider.

Nå må detaljplanane for E-18 mellom Tvedestrand og Arendal kome i lyntempo, og enda raskare må gang- og sykkelvegen mellom Lillevåje og Goderstad kome. Dette er ei viktig sak for heile landsdelen. Alle politikarar i alle parti og alle offentleg tilsette på alle typer vegkontor og andre kontor som har det aller minste med veg å gjere må arbeide grundig og i høgt tempo heilt til både gang- og sykkelveg og ny E-18 er klar.

Kan Arendal og Tvedestrand kommunar og Aust-Agder fylkesting forskottere gang- og sykkelvegen og låne pengane til det komande E-18prosjektet til marknadsrente? Det vil gi gang- og sykkelveg enda raskare. Vi har ingen liv å miste.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**