Ungdomskandidat Janne Sørum

Venstre vil ha stemmerett for 16-åringar, Hjermann!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Barneombud Reidar Hjermann har utfordra dei ulike politiske partia til å jobbe for å få i gang ei prøveordning med 16års stemmerett.

Leikanger Venstre har programfesta å søke om ei prøveorning med 16års stemmerett ved kommunevalet i 2011, og oppfordrar samtlege parti til å gjere det same. På Venstre sitt landsmøte i Bergen 13-15.april, vart stemmerett for 16-åringar tatt inn i prinsipprogrammet til Venstre.

For oss er det heilt logisk: Ein 16-åring må betale skatt av arbeidsinntekta si og kan setjast i fengsel ved lovbrot, men han/ho kan ikkje velje dei politikarane som fastset skatte- og straffenivået. I tillegg peikar Hjermann på eit viktig poeng, nemleg det at ungdom mellom 16 og 18 er meir aktive deltakarar i eigen kommune. Store deler av kvardagen deira er påverka av politiske avgjerdsler, både når det gjeld skule og fritidstilbod. Når dei er ferdige med vidaregåande, flyttar dei derimot ofte heimanifrå.

For Sogn og Fjordane, som er eit fylke som slit med fråflytting, kan dette kanskje vere løysinga. Ved å gje ungdom meir innflytelse i eigen kommune, vil dette gje dei kjensla av å kunne vera med å påverke, noko som kan gje positive ringverknader. Det er lettare å flytte heim til ein kommune ein har fått vera med å påverke utviklinga av.

Janne Sørum

Foto: Valavis 2005

Janne Sørum,
leiar av Sogn og Fjordane Unge Venstre og 4.kandidat for Leikanger Venstre.
Tlf: 97 07 47 79

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**