Forstår uroa

I valprogrammet sitt seier Kviteseid Venstre under punktet om helse og omsorg at Kviteseid i dag har eit godt helse- og omsorgstilbod, men at ein likevel framover må sjå dei behova som kjem, og tilrettelegge tilboda etter desse.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Når vi vidare seier at dei eldre i kommunen skal ha ein god og verdig alderdom, seier det seg sjølv at Venstre tar på alvor når Kviteseid, trass auke, har for dårleg dekning av sjukepleiarar for innbyggjarane over 80 år, og behova vil forsterke seg framover, i følgje fagmiljøet. Vi har derfor stor forståing for kravet frå hovudtillitsvald i Norsk sjukepleiarforbund i Kviteseid, Bjørg Vesterdal, som meiner at ein ytterlegare må prioritere fagkompetansen innan helse og omsorg. Venstre vil gjere sitt til at kommunen etterspør føringar for og får på plass ein kompetanseplan for helsetenesta.

Jon Ingebretsen,
leiar og 1.-kand. Kviteseid Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**