Valprogram for Ørsta Ventre 2007-2011

Venstre – eit sosialliberalt parti

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Venstre ynskjer eit sosialt og liberalt kunnskapsamfunn der folk har fridom og høve til å velje eigen livsstil. Samstundes har me eit ansvar for kvarandre, for miljøet og komande generasjonar. Fridom føreset også fellesskap og rettferd. Dei som fell utanfor treng samfunnet si hjelp meir enn andre. Venstre ynskjer å prioritere desse framfor generelle velferdsordningar for alle.

Venstre ynskjer å legge til rette for att alle skal kunne bruke sine evner til beste for seg sjølv og samfunnet, uavhengig av kjønn, livssituasjon og bakgrunn.

Venstre vil verne om klimaet og livsmiljøet og gå føre i kampen mot global oppvarming. Alle næringspolitiske prioriteringar må ha rein jord, reint vatn og rein luft som føresetnad, og alt planleggingsarbeid må ta grunnleggjande omsyn til natur og miljø.

Venstre sitt grunnsyn er tufta på demokratiet som styreform med vekt på desentralisering og deltaking. Lokalt sjølvstyre skal vere kjernen i demokratiet.

Ørsta — ein god kommune å leve, bu og arbeide i!
Ørsta Venstre vil :
* at kommunen i komande valperiode skal lage ein strategisk plan for å sikre ei positiv folketalsutvikling og gode kommunale tenester i framtida
* ha ei folkestyrt kommune og at offentleg forvaltning vert enklare og betre
* arbeide for at kommunen vår er ein god og triveleg arbeidsplass for dei tilsette og ein effektiv og open organisasjon som tener innbyggjarane og næringslivet på ein god måte
* styrke samarbeidet med dei andre kommunane på Søre Sunnmøre og spesielt Volda når det gjeld sjukehuset, kultur, samferdsel, arealbruk, opplæring, innkjøpsordningar m.m.

Miljø og klima
Ørsta Venstre vil :
* at kommunen skal legge omsynet til miljøet i botnen for all si planlegging og verksemd
* arbeide for å minke ureininga frå offentleg og privat verksemd og for tverrpolitisk samarbeid om tiltak for å redusere klimapåverknadane frå kommunen
* arbeide for fjernvarmeanlegg, varmepumpeteknologi og energisparetiltak i kommunale bygg og ved større samla utbyggingar i kommune
* at Hovdetjønna skal oppretthaldast som eit viktig våtmarksområde
* at alle kommunale friluftsområde får sanitæranlegg og renovasjon
* at Ørsta vert ei Rettferdig Handel-kommune
* arbeide for at kraftlina mellom Fardal og Ørskog vert lagt i kabel
* at Ørsta kommune må leggje press på sentrale styresmakter for å stoppe Sellafield
* fullføre gangvegen mellom Ørsta og Volda

Næring
Ørsta Venstre vil :
* at kommunen gir sikre og gode rammevilkår for næringslivet. Det er spesielt viktig at arealbruken til dei ulike næringane er langsiktig og godt planlagd
* at kommunen framleis skal gi økonomisk tilskott til eit felles Ørsta nærings-/reiselivslag
* arbeide for at turisme og reiseliv framleis er eit satsingsområde. Målet må vere å skape inntekter og arbeidsplassar lokalt.
* at Hjørundfjorden og bygdene kring må få status som kommunalt næringsområde. Kommunen må organisere ansvaret for båttenesta på fjorden frå botnen av for å sikre drifta på lang sikt
* at kommunen aktivt samarbeider med og støttar dei ulike prosjekta innanfor bygdemobilisering
* halde på bu- og driveplikta men gjere det lettare å få fritak, frådele tomter og kunne busetje seg på nedlagde bruk
* oppmode og legge til rette for alternativ drift i jordbruket

Skule og barnehage
Ørsta Venstre vil :
* at synspunkt og ynskje frå krinsskulane må takast omsyn til og det må opnast for reell dialog og merdverknad. Lokale pedagogiske prosjekt er viktige og må få aktiv støtte.
* gjennomføre utbygginga av Velle, Vartdal og Sæbø skular no. Vedlikehaldet av krinsskulane må oppgraderast
* auke rammetimetalet i skulen for å sikre alle elevar tilpassa opplæring
* gradvis innføre eit kompetanseår for etterutdanning av lærarar

Helse, sosial og omsorg
Ørsta Venstre vil :
* sikre kapasitet og tilstrekkeleg ressursar ved sjukeheimane og i heimetenesta
* ta særleg omsyn til born, unge, eldre og funksjonshemma gjennom å lytte til innspel frå eldreråd, råd for funksjonshemma, ungdomsråd og barne- og ungdomsrepresentantar
* legge til rette for at rullestolbrukarar og andre med funksjonshemmingar lettare kan ta seg fram på offentlege stader
* at universell utforming skal leggast til grunn ved bygging av vegar og bygningar
* at tilbodet til dei med psykiske lidingar vert langt betre enn no
* arbeide for at sjukehuset i Volda framleis kan halde oppe tenestentilbodet/auke det
* at lokalsjukehusa må vere berebjelken i helsetenestene i framtida.

Kultur og idrett
Ørsta Venstre vil :
* at drifta av Kaihuset må halde fram og Kulturskulen vert utvikla slik at den kan gi plass til alle som søkjer.
* ta i bruk dei ledige lokala i Kaihuset for Kulturskulen.
* støtte initiativ frå aktiv ungdom. Vi treng positiv ungdom som set Ørsta på kartet.
* at kommunen må fullføre arbeidet med kultur- og næringssoga i komande periode og støtte Aasen-tunet meir.
* at kommunen støttar det vidare arbeidet med restaurering av Svendsengarden, og andre verneverdige anlegg og bygningar i kommunen.
* Ørsta må framleis vere MOT kommune
* styrke arbeidet med integrering av flyktningar og andre innflyttarar i kommunen vår.
* at den komande idrettshallen må verte ei fleirbrukshall, og eit slags Spektrum der det også kan arrangerast konsertar, utstillingar, messer m.v. Uteområdet må kunne nyttast til ulike aktivitetar, t.d motorsport
* at kommunen støttar arbeidet med nytt idrettsanlegg på Vartdal med hjelp til planlegging og finansiering
* arbeide for at det vert bygt eit hestesportsenter i kommunen
* støtte arbeidet med kyrkjelydshus ved Ørsta kyrkje

Sentrum
Ørsta Venstre vil :
* rydde opp langs sjøsida av sentrum slik at den får ein vakrare og meir tiltalande utsjånad. Det må gjerast vedtak om at stamvegen ikkje skal gå langs sjøen slik at dei som vil utvikle sjøsida veit kva dei har å halde seg til.
* ha miljøgate med redusert fartsgrense gjennom sentrum, inntil me får ei anna løysing for stamvegen.
* arbeide for redusert fartsgrense i bustadområda .

Busetnad
Ørsta Venstre vil :
* få fortgang i arbeidet med byggeklare tomter både på bygdene og i sentrum
* at kommunen kan vere med å finansiere kjøp av areal og utbygging av infrastruktur til bustadfelt på bygdene, gjerne i samarbeid med lokale entreprenørar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**