– Etter det vi er kjend med, er vi det partiet i Giske som er først ute med ei informativ og oppdatert heimeside. Her vil vi framover mot valet mellom anna leggje ut meir informasjon om listekandidatane våre og artiklar om saker vi er opptekne av, fortsetter Giske Andersen.
Giske Venstre vil samlast kvar torsdag på Hellarstova fram til valet, og for å nå ut til ungdommen har ein òg oppretta ei gruppe på Facebook, og vil mellom anna sende ut invitasjonar til arrangementa via Facebook og e-post. Vi har òg bedt om å få ein link til Giske Venstre si heimeside på sidene til Giske kommune.
Digitale medium har gitt ein ny arena for å diskutere politikk og fremje viktige saker inn til lokalpolitikarane våre, og ved å tilby informasjon og dialog på internett, kan kvar veljar treffe oss når det måtte passe for denne.
– Giske Venstre ønskjer at veljarane skal få muligheita til å bli betre kjend med listekandidatane våre, og det er viktig at veljarane kan finne relevant informasjon på ein enkel måte. Difor er har det vore prioritert for Giske Venstre å også starte den digitale valkampen, avsluttar Britt Giske Andersen.