Tysnes skal bli ein miljøkommune!

Tysnes kommune har nett inngått ny leasingavtalar om kommunale kjørety, dette vart gjort uten at miljøvenlege alternativ vart vurdert. Dette er ikkje administrasjonen si skuld, det må være politisk vilje til å gjennomføra tiltak for miljøet, skriv 3. kandidat Britt Godøy

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Klimautslipp

Foto: David Ritter, sxc.hu

Tysnes Venstre har sendt eit brev om dette til formannskapet i Tysnes kommune!
Forslag til vedtak; Ved inngåing av leasingavtalar for kommunale kjørety, må miljøvenlege løysingar nyttast.
Elbilar går i dag 18 mil før dei må ladast, dei er ca 80 % billigare enn tradisjonelle bilar i drift. Biodrivstoff er også billigare og meir miljøvenleg.
Det må være politisk vilje til å bli ein miljøkommune!
Tysnes Venstre har vidare sendt krav om at me må blei ein "free trade" kommune, ein kommune som garanterer "rettferdig handel".
Det betyr at kommunen skal garantere for sine innbygjarar at kommunale varer ikkje er produkt laget med barnearbeid som arbeidskraft, laget av bedrifter som manglar etiske rettningslinjer og har trevirke frå regnskog.
Tysnes kommune må bli med i ringen av "free trade kommunar", det vil gje positiv profilering av kommunen og me tek eit tak i kampen mot global oppvarming.
Me må alle ta ein miljøansvar, og Tysnes Venstre er din garanti for ein miljøretta lokalpolitikk.
Hjelp miljøet, gje ei stemme til Venstre ved kommune og fylkestingsvalet!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**