Nokre ord til deg som er fyrstegongsveljar

Gol Venstre sin visjon er at dagens fyrstegongsveljarar som ynskjer å reise ut for å ta utdanning skal oppleve ein kommune som er attraktiv å reise attende til og etablere seg i. Her skal det vera godt bumiljø, spennande kulturtilbod, god skule og godt barnehagetilbod. Ein skal kjenne seg trygg på at dette er ein kommune som også skal vera god å bu i når ein blir gamal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Kjære fyrstegongsveljar!

I haust er det lokalval. Her har du litt informasjon om kva Venstre står for.

Liberalt
Venstre er eit liberalt parti. Å vera liberal betyr at ein ønskjer eit samfunn som er tolerant for ulike syn og meiningar, samtidig som det er inkluderande og hjelper dei som fell utanfor. Venstre meiner at kvar enkelt av oss skal kunne leve ut draumane våre såframt det ikkje går ut over andre eller miljøet.

Skule og kultur
Venstre vil satse på kunnskap og valfridom i skulen. Vi vil ha enno betre lærarar, og stille større krav til dei som underviser. Vi vil også gi lærarane høve til å friske opp kunnskapen sin gjennom betre etterutdanning. Vi vil ha ein skule der kvar enkelt elev får ei opplæring basert på egne evner, føresetnader, behov og ønskjer.

Mål:
– Arbeide for tilstrekkeleg øyremerka ekskursjonsmidlar i grunnskulen. Det må vera rom for leirskule også i skulane i Gol.
– Ha ei utvikling av Hallingmo-området som kultur — og skulesenter med gode tilhøve for idrett, teater og kino. Vidareutvikle planane om storhall.

Programmet til Buskerud Venstre:
– Større vektlegging av dei praktiske sidene ved yrkesfaga i vidaregåande skule.
– Økt fokus på grûndervirksomheit hos ungdom.
– Førarkortopplæring som valfag i den videregåande skulen.
– Høgskuletilbod i Hallingdal. Vidarerføre og utvikle tilbodet som i dag er i regi av
Folkeuniversitetet Hallingdal.

Miljø
Det er heilt grunnleggjande at vi sikrar eit reint miljø for framtidige generasjonar. Venstre vil ha ei storstilt satsing på rein fornybar energi, og partiet vil betre kollektivtilbodet. Der dei andre partia vil kjøpe seg fri med utslippsreduksjonar i utlandet, vil vi i Venstre ta ansvar der vi bur. Vi meiner det er umoralsk å ikkje gå inn for klimagassreduksjonar i Noreg når vi veit at kvar nordmann slepp ut tre gonger så mykje som til dømes ein kinesar. Ei stemme på Venstre er ei stemme på eit parti som vil redusere utsleppa no; ikkje når økonomane har rekna ut at det er lønsamt.

Gol Venstre meiner kommunen og innbyggjarane må ta sin del av ansvaret. Kommunen må gå føre med å leggje tilrette for miljøvenleg energibruk og energikjelder ved rehabilitering og nybygg av kommunale bygningar.
Gol Venstre er kritisk til mykje av arealbruken og dei overdådige hytteplanane på Golsfjellet. Skal alt brukast opp av denne generasjonen? Tenk om foreldregenerasjonen hadde gjort det same. Då hadde det ikkje vore att noko til dagens grunneigarar.

Mål:
– Arbeide for å skape bevisste haldningar til ressursbruk og naturmiljø.
– Miljøomsyn i alle spørsmål, både naturmiljø og oppvekstmjjlø.
– Sikre urørt natur for komande slekter.

Bumiljø
Gol Venstre går sterkt imot planane om steinknuseverk tett ved etablerte bustadfelt. Somme politikarar går endå til inn for utgreiing av planar om barnehage i same område. Kvar er vurderingsevna?

Miljøvenleg transport for ungdom.
Venstre ynskjer eit “grenselaust” miljøkort. Venstre meiner miljøkortet for ungdom må tillate reiser ut over fylkesgrensene.

Bruk stemmeretten din 10. september. Då kan du påverke korleis Gol kommune skal utvikle seg vidare. Ynskjer du å flytte attende til Gol etter endt utdanning, er det viktig at du alt i dag er med på å styre retninga. Vi vonar du vil vurdere å stemme Venstre både ved kommunevalet og fylkestingsvalet. For meir informasjon om oss — sjå nettsidene våre på www.uv.no/valg07 (Unge Venstre), eller www.venstre.no (Venstre).

Godt val!

Hallvor Lilleslett
Ordførarkandidat for Gol Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**