Vil du bli medlem?

Vi vil gjerne ta imot fleire engasjerte medlemer i vårt lag. Vi er partiet med hovudfokus på mellom anna småbedrifter, sosialt ansvar, skule og miljø, og kunne godt tenkje oss fleire rause, ærlege, ansvarlege og framtidsglade medlemmer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Kvifor bli med?

Ved å bli med i laget støttar du verksemda vår.

Giske Venstre er framfor alt eit forum der du kan delta i politisk arbeid på sosialliberalt grunnlag. Det viktigaste arbeidet vår er lokalt, men som medlem i eit nasjonalt parti kan du også delta i aktivitetar på fylkes- og nasjonalt nivå.

Venstre er Noregs eldste parti, og vart stifta den 28. januar 1884. Venstre fekk til viktige liberale reformer som folkestyre, religionsfridom, juryordninga og allmenn stemmerett.

Ved valet i 2005 fekk Venstre ei oppslutning på 5,9 prosent. Venstre har 10 representantar på Stortinget, og Lars Sponheim er leiar.

Kva forpliktar eg meg til? Må eg vere aktiv?

Britt Giske Andersen

Britt Giske Andersen
Foto: Ove Paulsen

– Kor aktiv du ønskjer å vere er opp til deg, seier førstekandidat for Giske Venstre, Britt Giske Andersen. Om du berre vil støtte laget og arbeidet vi gjer, men helst ikkje vere så aktiv er det heilt i orden. Sjølv om du berre vil vere «passiv» medlem er vi veldig glad for om du blir med! Fleire medlemmer gir oss både motivasjon og engasjement for arbeidet, og det aukar slagkrafta vår som organisasjon!

– I Giske Venstre er alle velkommen. Medlemskap medfører ikkje forpliktingar, og kor aktiv du vil vere er opp til deg! Du kan gjerne ta kontakt med oss dersom du ønskjer meir informasjon om oss, eller dersom du har spørsmål om Giske Venstre, avslutter leiar i Giske Venstre, Ove Paulsen.

Velkomen!

Helsing styret i Giske Venstre

https://www.venstre.no/skjema/innmelding/

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**