Venstre sin kamp for ferjefri kyststamveg!

Da eg starta aktivt som politikar for fire år sidan, var eg drevet av sterk idealisme og eit ynskje om å gjere ein forskjell i samfunnet. Plassen i kommunestyret fekk meg til å innsjå at Tysnes treng politikkarar som engasjerer seg på fylkes og nasjonalt plan, skriv Torstein Hatlevik, ordførarkandidat ved kommunevalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Torstein Hatlevik

Foto: Kari Østervold Toft

Etter kommunevalet, takka eg derfor ja til å væra nestleiar i Hordaland Venstre og til fast plass i landsstyret. Eg har også vært så heldig at eg har fått sitje i ulike komitear på fylkes- og nasjonalt nivå. Dette har gjort meg rusta til å ta om kampen for å snu den negative utviklinga på Tysnes.

Det viktigaste arbeidet for meg på fylkesplan, har vært samferdsel Eg er overtydd om at kommunikasjon og samferdsel vil væra heilt klart ein avgjerande faktor i utviklinga av Tysnes.
Den saka som har oppteke meg mest på fylkesplan, er kyststamvegen.
Me har hatt fleire rundar med dette i Tysnes Venstre. Grunna lokallaget og arbeidet eg har gjort i saka, har Hordaland Venstre skifta standpunkt.
Venstre sitt fylkesprogram for fire år sidan ville behalde E39 over Stord. Eg har kjempa for å forandre standpunktet på fylkesplan. Frå ein mindretalsdissens om ferjefri kyststamveg i fylkesstyret, la eg heile saka fram på Fylkesårsmøte. Her fekk eg 2/3 fleirtal, for det som i dag står i vårt fylkesprogram.
Venstre vil ha ferjefri kyststamveg med bru fra Stord til Tysnes, veg på austsida og vidare veg gjennom Fusa til Bergen.

Kyststamveg på vestsida av Tysnes med ferje frå Andlavågen, er i vår meining ikkje eit godt alternativ for region eller for Tysnes. Det vil ikkje løna seg samfunnsøkonomisk, syner nye utgreiingar om traseval (Stord Næringsråd, mai 07).
Det er berre Venstre og Tverrpolitisk som vågar å fremje ferjefri kyststamveg i kommunestyret.. Lokalpolitikarane for SP, AP,KRF,H og FRP, har grave seg ned i vedtak som er basert på gammal informasjon og dårlig retorikk. Me treng lokapolitikarar som tenkjer sjølvstendig, og vågar fremja sine meiningar.

Vei

Foto: Microsoft

Dei flesta lokalpolitikarane bygger sitt standpunkt på fylkesvedtaket, men andre del av vedtaket seier at ferjefri kyststamveg er målet me jobbar mot. I følge den planen skulle Andlavågalternativet stå ferdig i perioden 2002-2014, det skjer jo ikkje. Me har ikkje støtte frå nabokommunane våre i dette alternativet, stadig fleire flaggar indre trase er einaste vegen å gå.
Tysnesbrua vil koste om lag 1 milliard, veier over Flatråker og Anlavågen ca 3 milliardar. Når me alle veit at framtida er ferjefri med vei på austsida, la oss kjempe saman for dette. Me er ikkje tent med ei førebels løysing til 3 milliardar ( om brua er det einaste me kan bruka ved neste utbygging)!
Ferjefri kyststamveg er kostnadsberekna til 11 miliarder. Med den finansieringsplanen som ligg til grunn i rapporten til SN er det behov for 3.5 milliardar frå staten, resten vil komme frå bompengar og frå tilskota ferjene får i dag.
Stord Næringsråd har nett gitt ut ein grundig rapport om kyststamvegen, denne konkluderer med at veg på austsida og gjennom Fusa er til det beste for miljøet, næringslivet og for befolkningen på Vestlandet.
Me går ei spanande tid i møte, valget i år er avgjerande for Tysnes si framtid. Eg håpar dykk vel ein framtidsretta politikk med engasjerte politikarar. Venstre står for morgondagens løysingar og kreativ tenking.
Me har opplevd 28 år med negativ utvikling under styre av Sp, Krf, Ap og delvis Høgre. Vågar me å satse framtida på deiÅ? Har dei noko nytt å tilføra Tysnes?
Eg vonar veljarane vågar å satse på framtida og at dei stemmer Venstre til Kommune og Fylkesval i haust. Me er klar til å ta ansvar og avgjersler som vil snu Tysnes.
Tysnes skal bli ein vekstkommune!

Eg vil nytta høve til og takka Tysnes Kraftlag for at dei var med å støtta denne rapporten. For dei som er intressert i den, ligg den på NHO sine heimesider.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**