Me må jobbe for at Sundeferja går til Jektevik og at dette sambandet også har ansvar for Huglosambandet. Dette vil gje betre busskommunikasjon fra Jektevik, og vil derfor væra ei meir teneleg løysing for Kvinnherad. Me må også jobba aktivt for at Huglo skal få bru til Tysnes!
Det som er viktig for oss, er at Jektevik/Hodnanessambandet vil kunne ha halvtimesavgangar. Dette vil knytta oss nærare resten av sunnhordland, vil gjera det lettare for dei som pendlar til Stord og gje betre kommunikasjon for næringslivet.
Me veit alle at det er billigare å ta ferja fra Våge til Haljem, en frå Sandvikvåg til Haljem.
Gratisferje på Hodnanes/Jekteviksambandet vil gje meir gjennomgangstrafikk over Tysnes.
Dette vil løysa ut meir midlar til vei på Tysnes, vil gje lenger opningstid, høgare frekvens og betre ferjer på Våge- Haljemsambandet.
Alle lokalpolitikarane må jobba for å betre infrastrukturen i regionen, på nasjonalt og fylkesplan, me må søke makt og byggja kontaktnett. Me må skape allianser og tenkje synergieffekt, for å byggja opp Tysnes.
Lokalpolitikarane må tenkje nytt og kreativt, Tysnes ligg langt bak våre nabokommuner.
Tysnes Venstre har dei nye og krative ideane, og me har vilje til å kjempe for dei.
Me håpar på dykkar tillit ved valet, ei stemme for eit nyskapande og framtidsretta Tysnes.
Tysnes treng eit sterkt Venstre, Tysnes treng ein Venstreordførar!
Gratisferje Hodnanes/Jektevik
Tysnes kommune må søke om prøveprosjekt på gratisferje på ferjesambadet Jektevik/ Hodnanes. Tysnes Venstre jobbar for dette, me har fremma eit forslag til formannskapet om at kommunen skal legge inn søknad på forslaget vårt. Tysnes må ha ein aktiv samferdselpolitikk med kreative løysingar, middagskvila er over, seier Knut Skorpetveit Aga, 2. kandidat på kommuevallista.