Førsteklasses skule og barnehage!?

Nok og høgt kompetente vaksne i læresituasjonen står sentralt for Voss Venstre i arbeidet for ein førsteklasses barnehage og skule i Voss. Kommunestyret må med regelmessige mellomrom ha ei brei drøfting av oppvekstmiljø og skule. Dette er mellom sakene som Torstein Gunnarson, Knut Olav Nestås og Anne Jorun Ryum Møen tar opp i eit innlegg i lokalavisa «Hordaland» tirsdag 21. aug.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Vi har gode barnehagar og grunnskular i Voss — heldigvis! For dei verdiar, haldningar, ferdigheter, kunnskap og kompetanse barna/elevane får her er grunnleggjande for demokrati, kultur og verdiskaping i Noreg.

Mange tilhøve er viktige for at barnehagen skal kunna bidra til trygge, nysgjerrige, kreative og aktive barn, og for at opplæringa i skulen skal gi god kunnskap og kompetanse, tilpassa den einskilde eleven sine evner og behov.

Avgjerande for kvaliteten er at barn og elevar har nok, og høgt kompetente, vaksne i læresituasjonen!

Venstre ser det derfor som ei hovudoppgåve for kommunen å syta for god og tilstrekkeleg lærarbemanning/lærarbekvinning. Og lærarane må vera dyktige, noko som m.a. krev regelmessig etter- og vidareutdanning! Eit framlegg frå Venstre i Stortinget om å leggja til rette for lønna permisjon for lærarane etter eit visst tal år for å ajourføra og auka kompetansen sin, fekk ikkje fleirtal. Men Voss Venstre ønskjer å få ei ordning med "kompetanseår" utgreidd for Voss.

Barn, kreativ, skole

Foto: Microsoft

Elles treng mange barnehagar og skular ei opprusting! Både bygningar, utemiljø, inventar og læremiddel treng forbetrast mange stader.

Event. nedlegging av grunnskular i Voss blir nok dessverre også eit spørsmål i komande valperiode. Sjølvsagt skal ein sjå på korleis ein får best mogeleg kvalitet i høve til pengebruk. Men Voss Venstre vil leggja svært stor vekt på å sjå skulestrukturen i samanheng med busetnadsmønster og ønskjeleg framtidsutvikling for bygda.

Aktiv foreldre- og lokalpolitisk oppfølging av barnehage og skule er viktig. Kommunestyret må — med regelmessige mellomrom – ta seg tid til ei brei drøfting av oppvekstmiljø og skule. Kommunen bør også engasjera seg for å sikra eit breitt tilbod i vidaregåande skular.

Venstre vil arbeida aktivt for ein førsteklasses skule i Voss!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**