Miljøpolitikk i praksis

Frå juni 2005 til no har energiutvalet i Ål delt ut om lag kr 850.000 til innbyggjarar som har investert i energi- og straumsparande tiltak.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Varmepumpe

Foto: Gjesdal Venstre

Pengane har gått til varmepumper, pelletskaminar, reintbrennande omnar og vassboren varme. Alle desse tiltaka reduserer forbruket av elektrisk straum.
Tilskott til energisparande tiltak er god miljøpolitikk og god økonomi for innbyggjarane.
Det er også god økonomi for kommunen, fordi den straumen som blir spara inn kan Ål kraftverk selja på kraftbørsen til full marknadspris. Dette tilskotet er eit resultat av eit framlegg frå Venstre og syner miljøpolitisk arbeid i praksis.

Torleif T. Dalseide,
ordførarkandidat for Ål Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**