Bjørg har to periodar bak seg i kommunestyre og formannskap. Ho har sett spor etter seg på «den grøne øya».
Takka vera hennar engsjemang og omsut, vart det sett fart i planane for nyeskulen på Sæbø. Ho fekk med seg formannskapet på ei synfaring, då vart det sett igang ein prosess. Ho er ein ressursperson når det gjeld å søkja og få statlege midlar til kommunale prosjekt, som psykriatribustader og sjukeheimsplassar. Ho har eit oppriktig ynskje om at kvar einaste arbeidstakar i kommunen skal kjenna seg verdsett og høyrd. – Dei tilsette i kommunen er den viktigaste ressursen for at me som kommune skal kunna gje innbyggjarane våre eit godt tenestetilbod, seier Bjørg.
Bjørg er også oppteken av;
*At born og unge skal ha trygge og gode oppveksttilhøve.
*Sikra at Sæbø skule og den nye sjukeheimsavdelinga ver ferdigbygde.
*Velferd for sjuke, eldre og funksjonshemma og omsyn til deira pårørande.
*Frisk, trygg mat og produksjonen av denne.
*Ta vare på naturen og pleia kulturlandskapet.
*Sikra gode vilkår for næringslivet.
*Syta for at Radøy kommune er ein god arbeidsgjevar.