Travel helg med stand og utspørjing

På lørdag hadde Hå Venstre stand både på Nærbø og på Vigrestad under Vigrestaddagane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Vigrestadbrosjyren

Vigrestadbrosjyren

På Vigrestaddagane var det masse folk og liv på torget, særleg på laurdagen då det vart sol og flott sommarvær. Hå Venstre stilte som einaste parti med eigen brosjyre som viste Venstre sin politikk for nettopp Vigrestad og fekk masse positiv oppmerksomhet for nettopp dette.

Alle partia sendte opp ein kandidat på scenen til ei kort innleiing samt utspørjing om partiet sin politikk for Vigrestad. 1. kandidat i Hå, Jon Arne Silgjerd, fokuserte sterkt på jordvern og Venstre si satsing på eit betre jernbanetilbod i søre deler av kommunen. Vigrestad er ein av stasjonsbyane som ligg midt i det beste jordbruksområdet i landet og Silgjerd gjorde det heilt klart at Venstre ikkje vil godta at matjorda blir brukt opp litt etter litt til byggjeareal.

Last ned Vigrestadbrosjyren eller Venstre-programmet for meir informasjon.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**