Svein Gjøsund

Bli kjend med 4. kandidaten på lista til Giske Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Svein Gjøsund er 50 år og busett på Valderøya. Han er gift og er far til tre vaksne born. Han arbeider til dagleg som maskinentreprenør i selskapet Gjøsund Maskinlag saman med bror sin.

Svein Gjøsund

Foto: Ove Paulsen

Svein har vore medlem i Venstre sidan 1999, og har mellom anna vore politisk representant i samarbeidsutvalet for Skjong skule, og vara i komitè for oppvekst. Han har òg vore medlem i Nemd for skuleutbygging av barnesteget 1-7 Valderøya. Lokaldemokratiet treng mangfald. Som næringsdrivande, dagleg leiar, og politisk engasjert har Svein opparbeidd erfaring som kan kome innbyggjarane til gode.

Saker eg vil arbeide for:
Eg stiller på kommunevallista for å kunne delta i prosessen med å forme framtida. Eg synes det er spanande å vere med å leggje føringar for ein forutsigbar kommune, der dei store sakene står i kø.

Denne valperioden, krev spesielle tiltak særleg i høve til skulestruktur samt i høve til rullering av kommuneplanen. Det er vedteke å bygge eit nybygg for barnesteget 1-7, for heile Valderøya , og dette samt oppgradering eksisterande skulebygg vil bli store oppgåver å ta vidare for eit nytt kommunestyre. I tillegg kjem store utfordringar innan omorganisering, nybygg og drift av sjukeheim på Valderøya.

Eg er òg oppteken av at ny veg til Vigra vest må kombinerast med ny riks/fylkesveg til Flyplassen.
Vegløysinga er tidligare presentert i Øy-Blikk. Denne nye vegen opnar òg for bustadbygging langs tidligare nordre veg frå Gjøsund til Røysa. Samstundes må vegnettet oppgraderast. Hol må fyllast, og greiner kuttast. Ein må òg betre skilting, og særskilt for næringsområda. Kommunen og Vegvesenet må leggje fram ein vedlikehaldsplan for vegnettet i Giske.

I samråd med ungdommen, må Giske kommune leggje til rette for allaktivitetar, der ungdommen
sjølv, får hovudansvar for drift og oppsyn med dei enkelte tiltak. Nytilsett ungdomsarbeidar må vere bindeleddet mellom ungdom og kommune.

Eg vil òg arbeide for at Giske kommune kan vidareutvikle og auke tilrettelegginga for næringsdrift i kommunen. Nærmiljøutvala må få midlar til vidareutvikling og bli eit høyringsorgan i spesielle offentlege saker.

Giske kommune er ikkje unnateke miljøkrav. Venstre har ein klar profil her med omsyn til fornybar
energi, vatn og gass. Eg vil etterlyse ein plan for miljøtiltak for offentlege bygg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**