Svar på spørsmål frå Sartor Senterforvaltning AS

1. kandidat for Fjell Venstre, Tore Turøy har følgande innlegg på trykk i dagens Vestnytt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


INNLEGG:
I eit brev som Sartor Senterforvaltning AS har sendt til alle partia i Fjell, vert det stilt tre spørsmål der dei ber om avklaring av dei ulike partia sin ståstad.
Då vi meinar at dette er noko som vedkjem fleire enn Sartor Senterforvaltning AS og dei som har sine arbeidsplassar der, vel vi å svare gjennom avisa.
I innleiinga til spørsmåla går det fram at dei er uroa over at enkelte parti ønskjer å leggje nytt
fastlandssamband ein annan stad enn gjennom dagens trase.
Det vert også peika på at kring 50 prosent av dei handlande kjem frå innsida av brua og at dei er
uroa for utviklinga og arbeidsplassane.

Dei tre spørsmåla er:
Kor vil ditt parti at hovudsambandet til Bergen skal gå?
Kva er ditt parti sitt syn på straksløysningar for å betre tilhøva rundt trafikken til/frå Bergen?
Kva meinar ditt parti om den vidare utviklinga på Straume mot eit urbant regionsenter og
eit område som kan konkurrere med Åsane og Lagunen om handelskundar? (Her ynskjer vi også noko om kva vilje ein har til i neste valperiode å finne pengar til å finansiere alle dei tiltaka planprogrammet legg opp til, som arkitektkonkurransar, planar for teknisk infrastruktur, kvalitetsprogram, opparbeiding av parkar og festplass, overtaking av «offentlege areal», deltaking
i bygging av minst eit større parkeringsanlegg, midlar til nytt kulturhus, ny Sartorveg og Grønamyrsveg i full breidde, ny park & ride, osv.)
Brevet frå Sartor Senterforvaltning AS er underteikna av Silje Sture, Mona Midttun og Toya Røli.

På det første spørsmålet har vi programfesta at vi vil at det nye sambandet må leggjast i ein undersjøisk tunnel sør på Sotra. Dette vart det argumentert for i eit innlegg i avisa sist laurdag. Vi må sjølvsagt ta atterhald for at det teknisk let seg gjennomføra. Eg vil her leggje til at Sotrabrua i dei neste ti åra framleis vil vere hovudåra mellom Sotra og fastlandet. Og etter at nytt samband er på plass, vil framleis Sotrabrua vere der, og handlande frå andre sida kan vitje Sartor så mykje dei ynskjer. Det er ingen planar om å fjerne Sotrabrua.

På spørsmål nummer to må svaret verte meir komplekst. Her er det snakk om mange tiltak. Frå fleire ulike hald har det kome mange kreative forslag. Og vi støttar dei fleste. Frå Rolf Øvretveit i Radio Sotra er det kome forslag om «organisert kompiskøyring». Det er verdt å prøve. Eit anna forslag som har kome fram og som vil avhjelpe køproblema, er å byggje ein bussterminal kombinert med eit større parkeringsanlegg på vestsida av Kolltveittunnelen. Eit såkalla Park & Ride anlegg, der bussar kan gå i skytteltrafikk innover. Denne løysninga vil også hjelpe ein god del og vil få Venstre si støtte.
Ei anna løysning det er kome forslag om er å byggje kollektivfelt på båe sider av Sotrabrua og
gje kollektivtrafikken forkjørsrett over brua. Dette er i utgangspunktet eit godt forslag, men kan
vise seg å verte vanskeleg og tidkrevjande å gjennomføra. Dette fordi det er bygningar for tett inn
til vegen. Særleg på bysida.
Frå SV i Fjell er det kome forslag om å opprette hurtigbåtrute med anløp på nokre av dei gamle dampskipskaiane. Venstre er i tvil om det er trafikkgrunnlag for ei slik løysing, men ei marknadsundersøking kan gi svar på det. Det strakstiltaket som truleg kan gjennomførast raskast og som kan gje effekt på kort sikt, er gratis busstilbod mellom Sotra/Øygarden og Bergen i rushtida.
Dette er ei sak som bør utgreiast straks, både i dei involverte kommunane, på fylkesplan og saman med Tide Buss.
Denne løysinga vil vere verd å prøve og Venstre vil støtte forslaget. Allereie i neste veke når skuleferien tek slutt, vil køproblema kome.

Til det tredje spørsmålet om den vidare utviklinga på Straume, er svaret at Venstre ynskjer å byggje Straume ut til eit godt og teneleg region- og handlesenter både for dei som arbeidar der, dei som skal handle der og ikkje minst for dei som bur og skal busetje seg i området. Vi vil gje ros til dei om har utvikla senteret til det det er i dag.
På tilleggsspørsmåla om kor vidt det er vilje til å finne pengar allereie i neste fireårsperiode til alle tiltaka planprogrammet legg opp til, er svaret at her må Straume konkurrere med viktige tiltak i resten av kommunen.
Det Venstre vil prioritere på Straume er løysningar på dei trafikkale problema. Både for dei mjuke og dei harde trafikkantane. Vi ser også at behovet for eit større parkeringsanlegg er sterkt, og vil gå inn for at kommunen kan delta. Ikkje minst dersom det også kan vere med å løyse problema med parkering i nærleiken av kommunehuset. I denne samanhangen vil det også vere naturleg å byggje eit Park & Ride anlegg. Dei andre tiltaka som er nemnde ovanfor er alle viktige, men Venstre kan ikkje love at vi vil prioritere desse framfor andre viktige kommunale oppgåver i den komande valperioden. Ikkje minst vil den forventa folkeveksten krevje løysningar til skule, helse, eldreomsorg, infrastruktur osb. Dette gjeld også i Straumeregionen.

Håpar at desse svara er klargjerande for Venstre sin ståstad.

Tore Turøy
1. kandidat for Venstre i Fjell

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**