Difor kan Giske Venstre uttale seg med erfaring og kunnskap når det er snakk om å legge til rette for nyskaping i Giske kommune. Venstre meiner at arbeidet med å legge til rette for gründerar og småbedrifter må ha høg prioritet i tida framover.
For at vi skal ha eit velferdssamfunn også i framtida, er vi avhengige av eit nyskapande næringsliv. Vi veit berre brøkdelar av korleis næringslivet vil sjå ut om ti til tjue år, og framtidas arbeidsplassar er enda ikkje skapte.
Dei ulike næringsorganisasjonane har ei særs viktig stilling som talerør for næringslivet. Giske Venstre ønskjer å bidra til å vidareutvikle eit positivt samarbeid mellom desse og kommunen. Vi vil òg stimulere til vidareutvikling av dei fortrinna Giske har som fiskeri- og landbrukskommune.
Helsing
Britt Giske Andersen, Anne-Lise Roald, Ole Furnes, Svein Gjøsund og Runa Godø Sæther,
Listekandidatar Giske Venstre