Valprogram 2007-2011

Program for Kvam Venstre for heradsstyreperioden 2007-11

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Kvam Venstre vil arbeida for
– etablering av nye, varige arbeidsplassar i Ålvik
– etablering av nytt verft tilpassa marknaden i sørlege Kvam
– fleire varige arbeidsplassar knytt til utbygginga på Kvamskogen
– å leggja til rette for bruk av Kvamskogen utanom vintersesongen
– utvikling av nye arbeidsplassar innan kulturbasert næring
– å utvikla Steinsdalsfossen som turistattraksjon
– realisering av kulturhuset
– at Kvam får ein ambsiøs lokal klimahandlingsplan
– at kraftlina Sima — Samnanger vert lagt i sjøkabel og tunnel
– realisering av Kvamskogtunnel, Jondalstunnel, Ulrikstunnel og Gullfjellstunnel
– gang- og sykkelvegar i samband med Kvammapakken
– å leggja til rette for tomter i alle deler av kommunen
– rimelege etablerarbustader sentralt plassert
– eit tett samarbeid med Bergen for å marknadsføra Kvam som bukommune
– at jordmorstillinga vert auka frå 50 til 100% for å dekkja heile heradet
– full barnehagedekking ved å etablera nye plassar der borna bur
– fullt grunnskuletilbod i Strandebarm, Norheimsund, Øystese og Ålvik
– fleire hender i pleie og omsorg
– stimulering av frivillig innsats i alle bygdelag
– tilrettelegging for moderne møteplassar i Kvam tilpassa kommunale tenester til
innbyggjarane sine behov

Nedanfor kan du lesa meir utfyllande om dei enkelte punkta

Miljøpolitikk

Ja til kraftline i sjøkabel og gjennom Kvamskogtunnel
Den viktigaste naturvernsaka for Venstre er kraftline i Hardanger. Venstre har både lokalt, regionalt og nasjonalt kjempa mot skjemmande kraftline gjennom unik Hardangernatur. Denne kampen skal halda fram. I tillegg til naturvern gjev dette miljøvinst i form av kortare veg mellom Bergen og Kvam og dermed reduksjon av klimagassar.

Klimautfordringar
Nyare forsking syner at om lag 15% av norske klimagassutslepp kan kuttast gjennom lokale tiltak. Venstre vil arbeida for at den lokale klimaplanen for Kvam vert ambisiøs og konkret for å få reduksjon av utslepp av klimagassar, og at planen har energisparetiltak.

Samferdsel

Trafikksikring
Venstre vil arbeida for at tiltaka i den lokale trafikksikringsplanen vert gjennomførte. Planen inneheld m.a. gang- og sykkelstiar.

Vegbygging
Kvamskogtunnel, Jondalstunnel, Gullfjellstunnel og Ulrikstunnel
Kvam Venstre meiner at Kvamskogtunnelen vil stimulera både til næringsetablering og tilflytting til Kvam. Mange kvemmingar kan då bu i Kvam og søkja seg jobb i den store arbeidsmarknaden i og rundt Bergen. På den andre sida vil Kvam verta meir attraktiv for lokalisering av verksemder som søkjer ein sentral stad utafor Bergen. Venstre trur Kvamskogtunnel, Jondalstunnel saman med opprusta ferjesamband Tørvikbygd — Jondal, Gullfjellstunnel og Ulrikstunnel vil auka trafikkgrunnlaget gjennom Kvam. Trafikkauke og miljøomsyn er dei tyngste argumenta i kampen om riksvegmidlar. Venstre meiner det må etablerast samarbeid først og fremst med kommunane Bergen, Samnanger, Jondal og Odda for å knyta heile regionen tettare til Bergen og for å knyta Bergen tettare til vegtrasséen (jfr. NP) E 134 over Haukeli.
Kvam Venstre vil arbeida aktivt for å etablera eit samarbeid med nemnde kommunar for realisering av prosjektet. Eit slikt prosjekt er ikkje viktig berre for Kvam, men for heile Vestlandet. Venstre ser ikkje bort frå å bruka bompengar som verktøy for å realisera prosjekta.

Høgfartstog
Venstre vil arbeida aktivt for å få gjennomført høgfartstog frå Bergen til Oslo med stoppestad i Kvam. Eit slikt tilbod fører Kvam mykje nærare omverda og gjer bygdene i Kvam til attraktive buplassar også for personar med arbeidsplassen sin utanfor Kvam.

Barnehagar
Venstre vil arbeida for full barnehagedekking i Kvam. Utbygging må skje slik at den høver til framtidige barnetal i lokalmiljøa.

Overordna målsetting for Venstre er at nye barnehagar vert plassert så nær borna sitt oppvekstmiljø som mogleg. Venstre meiner at opphald i barnehage nærast mogleg heimen og der borna elles agerer gjer borna tryggare på omgjevnadene, og dermed får dei også raskare heilskapleg forståing for nærmiljøet sitt. Målsettinga legg også til rette for mindre transport for foreldra. Dette gjer kvardagen lettare for dobbeltarbeidande foreldre, samstundes som miljøet vert skåna for unødig trafikk. Unnatak for målsettinga må gjerast der det er pedagogisk og økonomisk uforsvarleg å oppretthalda eigne barnehagar.

Venstre vil leggja til rette for etablering av private barnehagar der dette gjev tenlege løysingar. Ettersom private barnehagar langt på veg er underlagt same regel- og avtaleverk som offentlege barnehagar, finn Venstre ikkje grunn til å utelukka etablering på grunnlag av privat eigarskap.

Skule
Skulane skal utviklast til trygge, moderne lærestader innan slike økonomiske rammer at det er midlar til eit innhald som er i tråd med gjeldande og framtidige krav.
Overføring av elevar i grendaskular til større skular må vurderast nøye når det gjeld tidspunkt, klassetrinn og behov for skuleskyss.

Innhald
Venstre meiner at den gode skulen er kjenneteikna av motiverte, engasjerte og tilstrekkeleg tal lærarar. Venstre trur at færre elevar pr. lærar er beste måten å få motiverte og engasjerte lærarar som bryr seg om borna dei underviser og som har tid til å sjå den einskilde elev sine ynskje og behov. Venstre vil derfor arbeida for å nå måla om lærartettleik i vedteken Strategisk plan for skule. Det gode som er utvikla opp gjennom åra må takast vare på. Venstre meiner klasserommet framleis er ein godt eigna læringsarena i basisfag. I tillegg bør skulen ha tilgang på mindre grupperom. Derimot trur Venstre at undervisning i storgrupper som hovudregel ikkje eignar seg i barne- og ungdomsskulen.

Venstre vil arbeida for at samarbeidet mellom heim og skule må utviklast vidare. Foreldra er ulike og alle har krav på respekt i møte med skulen. Når ei samla foreldregruppe uttalar seg, må synspunkta deira verta lytta til, og tilbodet tilpassa foreldra sine ynskje.

Venstre vil arbeida for at Kunnskapsløftet vert gjennomført i Kvammaskulen i tråd med målsettingar og føringar frå sentrale styresmakter.

Skulestruktur
Venstre arbeider for fullt grunnskuletilbod i Strandebarm, Norheimsund, Øystese og Ålvik.

I Ålvik er utfordringa å få elevtalet opp på eit slikt nivå at det er pedagogisk forsvarleg med tilbod frå 8. til 10. klasse. I tillegg er den lange reisevegen til Øystese ei ulempe som må leggjast vekt på ved val av løysing. Før ein tek endeleg stilling til tilbodet i Ålvik, vil Venstre at foreldra sitt syn skal kartleggjast, og la dette leggja sterke føringar for løysinga.

Venstre vil arbeida for ein god og moderne skule for barnetrinnet i Tørvikbygd. Skule og barnehage skal vera naturlege samlingspunkt i bygda. Venstre vil at borna i denne krinsen skal ha trygge og gode oppvekstvilkår fram til ungdomssteget.

Når det gjeld elevar ved Steinsdalen og Vikøy/Aksnes skular, ynskjer Venstre å gje desse eit godt tilbod ved overføring til Norheimsund barneskule. Nedlegginga av desse skulane er i omfang det mest dramatiske i heile skulestrukturvedtaket, noko som ikkje har fått tilsvarande merksemd. Prosessen er stogga heilt opp. Venstre etterlyser ein ryddig og involverande prosess knytt til saka og ynskjer merksemd rundt framdrift. Foreldre, born og involverte tilsette ved desse skulane har krav på same respekt og tilbod som for andre prosjekt i saka om skulestruktur.

Mange elevar ved Vikøy/Aksnes skule bur nærare enn 4 km og har då i utgangspunktet ikkje krav på skyss. Venstre krev at elevar ved Vikøy/Aksnes skule får gratis skuleskyss til vegen er utbetra med gang- og sykkelveg.

Bustadpolitikk
Venstre vil ta initiativ til å etablera byggjefelt i alle deler av kommunen. Prioritering av felt bør skje slik at område med størst press kjem fyrst.

Venstre vil arbeida for å få private investorar til å byggja ut rimelege husvære for personar i etableringsfasen, sentrumsnært i Kvam. Venstre har tru på at dette vil medverka til folketalsauke og vekst i heradet. Nye bustadeiningar tilpassa behovet bør vera etablert i Norheimsund/ Øystese i løpet av perioden. Dersom ikkje private investorar tek på seg oppgåva, skal heradet planleggja eit slikt prosjekt i løpet av perioden.

Skytebanesaka må få ei løysing slik at bustadområdet i Tolomarka kan takast i bruk.

Bergen slit med å finna nye areal for bustader. Venstre vil derfor etablera kontakt med Bergen kommune for å samarbeida om felles mål og for å marknadsføra Kvam som bukommune.

Næring og kultur — grunnlaget for vekst

Venstre vil gjera rammevilkåra for eksisterande næringar endå betre, slik at ei allsidig næringsutvikling vert ivareteken.

Utfordringane i Ålvik
Ålviksamfunnet står overfor store utfordringar. Ei lang historie innan kraftkrevjande industri ser ut til å gå mot slutten. Når ei slik alvorleg endring rammar eit lokalsamfunn, må resten av kvammasamfunnet stilla opp, støtta, og leggja forholda til rette slik at ny berekraftig verdiskaping kjem i staden for det tapte. Allereie no er alternativ kome på bana, og Venstre ser med spenning fram mot alternativa som vert presenterte. Venstre vil gjera det som er mogleg med dei verkemidla ein rår over for at ålviksamfunnet også i framtida vert eit levande lokalsamfunn med trygge og framtidsretta arbeidsplassar.

Utfordringane for Fjellstrand
Venstre er svært positive til at Fjellstrand AS ynskjer å investera i Kvam. Dette er først og fremst viktig for å sikra arbeidsplassar og oppretthalda busetjing i nærmiljøet til bedrifta, men det er óg viktig for heile Kvam, då dette er ei nøkkelbedrift for kvammasamfunnet.

Næringsareal
Venstre vil arbeida for at industriområdet på Sæland i Norheimsund vert utvida. Venstre meiner at dette er det beste området for næringsareal i Kvam. Årsaka til dette er at området ligg vest for delinga av riksveg 7 og riksveg 49. Dette gjer at arealet har potensial til å få nasjonale selskap til å etablera seg i Kvam. Til dømes ser Venstre for seg at arealet kan vera aktuelt for møbel- og elektrokjeder. Føresetnaden for dette er at areala ligg attraktivt til med kort avstand til riksvegen.

Jordbruk
Kvam har eit allsidig jordbruk og mange iderike gardbrukarar som har etablert tilleggsnæringar. Venstre vil leggja til rette for tradisjonelt jordbruk og samstundes stimulera etablering av tilleggsnæringar som kan sikra inntektsgrunnlag og busetjing på gardsbruka i Kvam.

Venstre vil stimulera tiltak som tek vare på kulturlandskapet. LNF-områda må vurderast med tanke på eit skilje mellom jordbruksføremål og område som ikkje er gode nok til dette føremålet.

Turisme
Eit viktig kjenneteikn ved dagens samfunn er at me nyttar ein aukande del av vår tid og våre ressursar på opplevingar. Det å kunna tilby gode opplevingar er derfor ein stadig viktigare konkurransefaktor for både bedrifter og stader.
Kvam har eit rikt kulturliv og mykje vakker Hardangernatur. Venstre meiner dette er viktige fortrinn for Kvam. Venstre vil derfor leggja til rette for utvikling av kulturbaserte næringar og næringar som byggjer på vår unike natur. Blant anna gjeld dette turisme, reiseliv og tilrettelagde næringar innan "opplevingar" av ulike slag.

Næringslivet og det offentlege i Kvam skal nytta merkjevara "Hardanger".
Steinsdalsfossen er ein av Noregs mest vitja turistattraksjonar. Venstre trur det ligg eit stort potensiale i å utvikla denne attraksjonen betre. Steinsdalsfossen er ein unik stoppestad der ein kan få informert turistane om andre tilbod i Kvam. Venstre meiner området ved Steinsdalsfossen må verta ein sentral for all turistinformasjon i Kvam. Ingen andre stader når ein fleire "turistkundar", noko som må utnyttast maksimalt til gode for alle i turistnæringa. Prosjektet må involvera Statens vegvesen (turistvegprosjektet), Kvam herad, bransjen, Reisemål Hardanger, anna næringsliv og lokalmiljøet.

Cruisekai i Norheimsund for små turistskip vil vera eit prosjekt med stort potensiale for heile Kvam. Prosjektet vil ha ringverknader langt utover dei passasjerane som går i land. Gjennom målretta informasjonsarbeid, dagsutflukter m.v., gjev dette unike høve for alle aktørane i reiselivsbransjen i Kvam. Venstre ynskjer prosjekt velkomne og vil vera positive i ein realiseringsfase.

Kultur

Frivillig innsats og samfunnsengasjement
Venstre vil arbeida for at frivillige lag og organisasjonar innan idrett og kultur skal stimulerast i form av betre rammevilkår og velvilje frå heradet. Venstre vurderer frivillig innsats i vid forstand som ein av dei viktigaste grunnsteinane i eit velfungerande samfunn. I eit moderne samfunn er det knapt noko som betre skaper møteplassar på tvers av generasjonane enn frivillig innsats. Derfor vil Venstre stimulera til frivillig innsats og dugnadskultur i alle bygdelag i Kvam.

Venstre vil ha engasjerte innbyggjarar som deltek i samfunnsbygginga til beste for oss alle. Venstre vil over frå "EG — MEG"- tenking til "ME — OSS"- tenking.

Kvam Venstre vil arbeida for at dei kristne grunnverdiane framleis skal vera berande i samfunnet, og vil gje gode tilhøve for eit fargerikt fellesskap der kvar og ein får halda på sin identitet og religion.

Senterstruktur
Kvam er ein bygdekommune med middels store og små sentra. Alle sentra bør utviklast til moderne møtestader for folket som bur der. Venstre meiner at Fylkestinget sin Fylkesdelplan for senterstruktur er eit godt reiskap i utviklinga av tettstader i Kvam og at denne skal vera førande for det vidare arbeidet.

Norheimsund skal utviklast vidare som kommune- og regionsenter. Venstre trur det er eit stort potensiale i å utvikla Norheimsund slik at Kvam kan gje eit urbant tilbod på bygda. Tilboda her skal vera breitt samansette og tilby det meste som moderne menneske ventar av eit urbant tilvere. Eit viktig element i ei slik satsing er å få realisert vedtaket om regionalt kulturhus. Kulturhuset er viktig for heile Kvam og vil vera ein viktig møteplass og trivselsfaktor. Målsettinga må vera at det samla tilbodet ligg innanfor ein liten radius og innan gangavstand.
Øystese skal utviklast vidare som lokalsenter med eit breidt tilbod innanfor barnehage, skule, servicetilbod, bibliotek, idrettsaktivitetar, kulturtilbod m.m. Målsettinga må vera at det samla tilbodet ligg innanfor ein liten radius og innan gangavstand.
Strandebarm skal utviklast vidare som lokalsenter med eit godt utbygd tilbod innan barnehage, skule, omsorgstenester, kultur- og idrettsstilbod m.m.
Ålvik skal utviklast vidare som lokalsenter med eit godt tilbod innan barnehage, skule, omsorgstenester, kulturtilbod m.m.
Tørvikbygd skal utviklast vidare som lokalsenter med eit godt tilbod innan barnehage, skule (barnetrinn), omsorgstenester m.m.

"Seniorpolitikk"
Eit godt samfunn legg til rette for alle aldersgrupper. Dei eldre i samfunnet er ein stor ressurs for lokalmiljøet. Den livserfaring og kunnskap denne gruppa har, må i større mon koma fellesskapet elles til gode. Venstre vil derfor arbeida aktivt for å skapa møteplassar der denne ressursen kjem betre fram og der seniorane kan trivast.

Økonomi
Kvam Venstre ynskjer å føra ein ansvarleg økonomisk politikk der ein gjennom sunn økonomisk drift skaffar heradet økonomisk handlefridom.
Kvam herad si lånegjeld ved årsskiftet 08/09 vil vera om lag kr. 80.600 pr. innbyggjar. Gjennomsnittet for kommunane i Hordaland er i dag om lag kr. 33.000. Venstre vil arbeida for å redusera den renteberande gjelda til heradet. Venstre ynskjer å driva heradet godt økonomisk og nytta ekstra midlar som fylgje av auka inntekter, til å utvikla heradet og tilretteleggja for auka vekst i busetnad og næring. Venstre meiner at kulturbasert næringsutvikling og reiseliv er næringar med stort potensiale i bygdene våre og ynskjer å prioritera midlar til styrking og utvikling av slike.

Venstre ynskjer å prioritera dei svakaste i samfunnet vårt i samband med utarbeiding av budsjetta dei komande åra. Venstre skal vera det fremste ombodet for dei aller svakaste i Kvam.

Kvam Herad skal vera i fremste linje for å prøva å knyta til seg nye næringar basert på naturressursar, bioenergi og alternative energikjelder.

Omsorgstenester
Venstre meiner at nok og kvalifisert personale i pleie- og omsorg er den viktigaste faktoren for å gje brukarane god kvalitet på tenestene.

Venstre vil utvida jordmorstillinga frå 50% til 100% for å dekkja heila heradet.

Fjerning av institusjonskjøken og innføring av avdelingsvise kjøken har gjeve auka press på dei tilsette. Venstre vil ha ei gjennomgang av situasjonen i pleie- og omsorg for å sjå om ressursane er i samsvarar med oppgåvene.

Kriminalitet – førebygging
Dei siste åra har dessverre alvorleg samfunnsskadeleg kriminalitet fått grobotn i våre elles så fredelege bygdelag. Denne utviklinga må stoppast. Aukande valdskriminalitet er ofte omtala i lokalmedia. Venstre vil ta initiativ til eit langsiktig førebyggjande arbeid for å få bukt med denne utviklinga. I samarbeid mellom politi, skular, foreldre, skjenkestader, kommune og innbyggjarar elles må ein både setja i verk strakstiltak og finna langsiktige løysingar.
Venstre ynskjer ei styrking av polititenesta på kvelds- og nattestid.

Administrasjonen
Venstre vil vera ein garantist for at administrasjonen praktiserer ei open linje i forvaltinga. I eit demokrati er det avgjerande for alle aktørar at informasjon som ikkje i lov er unnateke det offentlege, er lett tilgjengeleg.

******

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**