Dørum opna valkampen i Giske

Laurdag 11. august opna Giske Venstre den lokale valkampen på Øysenteret. Tidlegare justisminister Odd Einar Dørum heldt appell, og auste av si erfaring og kunnskap om viktige venstresaker.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


– Venstre arbeider for at kreative menneske som skaper eigen og andre sin arbeidsplass, ikkje skal betale dyre tilleggsforsikringar og mangle rettar som vanlege arbeidstakarar har, sa ein opplagd og kampklar Dørum. Venstre arbeider for at ein skal unngå personleg konkurs ved sjukdom og ulykker, og at ein ikkje har rett til svangerskaps- og fødselspengar på same måte som dei som er tilsette hos andre.

Odd Einar Dørum

Foto: Frode Fjeldstad

Venstre tek utgangspunkt i enkeltmennesket, uansett sosial status, nasjonalitet, bustad eller legning. Fridom og ansvar skal gjelde for alle! Dette gjeld òg for dei som har eit ønske om å starte eiga verksemd.

Dørum poengterte at dagens regelverk for sjølvstendig næringsdrivande straffar den som tek utfordringa med å starte eiga verksemd.

– Giske Venstre er i ei særstilling i høve vallista vår i år, poengterte Britt Giske Andersen. Av dei fem første på vår liste, er samtlege enten sjølvstendig næringsdrivande no, eller har vore det for kort tid sidan. Dette gir oss særskild tyngde å uttale oss på i saker som gjeld kvardagen til småbedriftene.

– I tillegg må vi trekkje fram at Giske Venstre er partiet med best geografisk fordeling, og flest kvinner på lista si, sa Arne Tunheim. I tillegg har vi den lågaste gjennomsnittsalderen på topp-fem kandidatane samanlikna med dei andre partia.

Giske Venstre vil leggje vekt på å vere eit parti som er synleg på alle øyane i valkampen, og oppmodar veljarane til å kome på dei ulike arrangementa partiet vil annonsere fram mot valkampen. Både for å bli kjend med listekandidatane, samt å kome med innspel og meiningar om sakene som er viktige for kvar einskild.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**