Britt er fødd og oppvaksen på den vakre øya Giske, og har nettopp runda dei førti år. Ho er gift, og har to born på 6 og 11 år. Britt arbeider i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, og har ei brei og variert arbeidserfaring, både som sjølvstendig næringsdrivande i verksemda To Kokkar på Gjøsund, og frå fleire verksemder innan reiseliv.
Saker eg vil arbeide for:
Giske kommune skal vere ei attraktiv, trygg og god kommune for alle. Du skal bli sett og respektert som menneske.
Gode oppvekstvilkår og trygge skular på alle øyane. Full barnehagedekning.
Nytt ungdomshus og eit utbetra rutetilbod innan kommunen, også på kveldstid.
Nok omsorgsbustader og eit tilbod som skaper tryggleik for dei eldre på alle øyane, slik at dei kan bu lengst mogleg i sitt nærmiljø.
Eit levande nærmiljø med aktive nærmiljøutval. Støtte opp om frivillig arbeid som velforeiningar, idrett og musikk.
Jobbe for at Giske skal markere seg enda meir som ein frilufts-, kultur- og reiselivsbasert kommune.
Hindre at Havgul-prosjektet blir realisert, og leggje til rette for at små og større bedrifter kan etablere seg i kommunen.
Eg vil også jobbe for å bevare det som er unikt med kommunen vår, og gi det vidare til etterkomarane våre.