Sula Venstre sitt program

Les Sula Venstre sitt program for kommunevalget 2007.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


VENSTRE VIL GJERE SULA TIL EI MILJØKOMMUNE

Sula har aukande utbyggjing, innbyggjartalet veks, vi har i det store og heile positiv utvikling innan fleire områder. Dette er bra! På samme tid gir utviklinga utfordringar. Venstre vil ta betre vare på kvalitetane kommunen vår har, ikkje minst innan miljø.

VI VIL GI FOLK HØVE TIL Å VERE MILJØVENLEGE I KVARDAGEN

Venstre vil:
– Auke kildesorteringa
– Støtte til dei som vil spare energi.
– gjere det tryggare å sykle i heile kommunen.

VI VIL SIKRE GODE LEIKEOMRÅDER FOR BARNA VÅRE

Venstre vil:
– ta vare på leikeplasser, akebakkar, hundremeterskogen, fjøra og grøne lunger
– auke stillinga til barnerepresentanten i kommunen, som tek omsyn til barna sine ønsker når
avgjerder om areladisponering skal takast
– fremje bustadbygging på barna sine premissar; trygge og godt planlagde oppvekstområde
– sikre grøntområde rundt skulane og barnehagane

VI VIL TA BETRE VARE PÅ DEI FLOTTE TUR- OG FRILUFTSOMRÅDA VÅRE

Venstre vil:
– hindre ei bit-for-bit-nedbygging av strandsona
– vere tydeleg på kva område som skal nyttast til friluftsliv, kvar det skal vere lov å byggje naust,
og kva areal som skal kunne nyttast til næringsliv
– ta vare på Veddemarka utan bilveg
– ta vare på Sulafjellet, og sikre få og små nye hytter.

VI VIL GI SULALENDINGAR EIT BETRE BUSS- OG BÅTTILBUD

Venstre vil:
– ha fleire buss- og båtavgangar
– ha lågare prisar for dei som reiser mykje
– sikre betre korrespondanse med transport vidare

VI VIL LEGGE TIL RETTE FOR MILJØVENLEGE BEDRIFTER. KOMMUNEN MÅ GÅ FØRE SOM EIT GODT EKSEMPEL

Venstre vil:
– legge til rette for lokalt initiativ for etablering av småbedrifter.
– stille tydelege miljøkrav og premiere verksemder som gjennomfører gode miljøtiltak.
– at Sula kommune får forpliktande klimamål og lagar ein klimahandlingsplan.
– miljøfyrtårnsertifisere alle kommunale verksemder.

Miljø har alltid vore ei viktig sak for Venstre. På same tid har vi fleire område vi vil satse på.

KULTUR

– Halde oppe og styrke musikkskulen og biblioteket. Støtte integreringstiltak for innvandrarar
– Styrke den direkte og indirekte stønaden til lag og organisasjoner med kulturelle formål

HELSE

– vaktmeisterteneste for eldre heimebuande.
– styrke pleie- og omsorgstenesta, særleg for senil demente
– arbeide for at funksjonshemma skal ha eit full godt tilbod
– styrke det førebyggjande helsearbeidet, mellom anna rusforebyggjing
– styrke barnevernet
– støtte til lag og organisasjonar med forebyggjande helse- og rusarbeid.
– støtte til Sula Bedriftsteneste.

SKULE OG OPPVEKST

– styrke vedlikehaldet av skulane og gjennomføre vedteken utbygging av Solevåg og Langevåg
skular.
– Gi skulen økonomisk evne til naudsynte læremiddel og oppdatering av personell.
– arbeide for eit aktivt samvirke mellom skulen, foreldra og kulturlivet.
– arbeide for at alle elevar skal få symjeopplæring
– utvide opningstida for fritidsklubben.

VEGAR

Venstre vil auke vegstandarden i kommunen og komme ajour med naudsynt vedlikehald. I første
omgang vil vi fullfinansiere ny veg til Remane og Molværsbrauta i 2008.

Sjå brosjyra vår her: www.venstre.no/files/moreogromsdal/sula/Brosjyre for Sula Venstre.pdf

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**