PROGRAM FOR FYLKESTINGSVALET 2007

Her er programmet som vart vedteke på årsmøtet 2007.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


PROGRAM FOR FYLKESTINGSVALET 2007

VENSTRE SIN STÅSTAD — MENNESKET I SENTRUM.
Respekten for enkeltmennesket og ansvar for fellesskapet er Venstre sin grunntanke. Venstre sin ideologi er sosial-liberalismen, og politikken bygger på kristne, humanistiske og liberale verdiar. Omgrepa borgarrett og samfunnsansvar uttrykjer kjernen i dette verdigrunnlaget.

Å være sosialliberal inneber ei sterk tru på menneske si skaparevne, kreativitet og ansvarskjensle. Difor set Venstre alltid det enkelte menneske i sentrum, ikkje grupper eller klassar. Alle menneske er likeverdige, men ingen er like. Auka fridom gir nye mulegheiter for menneskelig vekst.

Venstre sitt fellesskapsperspektiv går på tvers av generasjonane. Venstre vil føre ein ansvarlig økonomisk politikk som ikkje slår beina under velferdsstaten i framtida. Samtidig har vi eit forvaltaransvar som skal sikre generasjonar etter oss lik tilgang på naturopplevingar og ein kvardag utan forureining.

Venstre meiner det lokale politiske sjølvstyret skal vera kjernen i det norske demokratiet. Dei lokalt valde politikkarane skal ha ansvar for lokal styring, og skal samstundes ha ei ombodsrolle for veljarane.


FYLKESKOMMUNEN

Venstre vil ha tre forvaltningsnivå der fylkeskommunen har ansvar for dei regionale oppgåvene som ikkje bør liggja til staten. Vi ønskjer å desentralisere mest mulig statlege oppgåver til fylkeskommunane for å styrkje folkestyret. Pengane må følgje med desentraliseringa av oppgåver.

Venstre vil at fylkeskommunane igjen skal styre sjukehusa og andre spesialisthelsetenester ut frå prinsippa om nærleik og lokal folkevald styring. Det er også naturleg å overføre oppgåver innan landbruk, miljø, samferdsle, kultur, utdanning og gje fylkeskommunane tilbake styringa over Innovasjon Noreg.

Venstre vil føra vidare og styrkje samarbeidet mellom Vestlandsfylka på område som kommunikasjon, kultur, utdanning og næringsliv.

Lokal rett til skattlegging er eit viktig element i det lokale folkestyre. Venstre ønskjer difor at fylkeskommunane skal ha høve til å kunne fastsetje lokalt skattøre innafor eit intervall på eitt prosentpoeng.

Forvaltning av fylkeskommunen sine verdiar er viktig. For Venstre inneber dette også at plasseringa av kontantar blir gjort ut frå eit langsiktig perspektiv med tanke på høgast muleg avkastning.

Venstre vil at fylkeskommunen skal ivareta ombodsrolla for borgarane på område som er viktige for desse, men der ansvaret ligg til staten. Likeeins må fylkeskommunen vere ein medspelar overfor kommunane i arbeidet med lokalisering av statlege oppgåver som skal flyttast ut frå Oslo eller etablerast. For Venstre er det eit mål at fylkeskommunen bidreg til at slike oppgåver blir plassert der kompetansen allereie er, eller til våre regionale sentra om det ikkje allereie er etablert slik kompetanse i fylket. Å flytte på kompetansemiljø i fylket er ikkje eit mål eller verkemiddel for Venstre.

Venstre vil at fylkeskommunen skal ivareta arbeidsgjevarrolla si på ein slik måte at det fremjer rekruttering og stabilisering, bidreg til likeverd og likestilling og til at eldre arbeidstakarar i større grad vel å stå i arbeidet til ordinær pensjonsalder.

MILJØ — ENERGI
Venstre byggjer politikken sin på eit økologisk heilskapssyn på natur, menneske og samfunn. Dei økologiske omsyna må vere overordna kortsiktige økonomiske interesser. Bruken av ikkje fornybare naturressursar må reduserast for å få til ei berekraftig utvikling. Dette vil redusere ureininga av naturen. Kvar og ein har eit ansvar for å få medverke til dette.

Venstre sin politikk er tufta på forvaltartanken. Naturen må ikkje utnyttast ut over tolegrensa. Fornuftig forvaltning er ein føresetnad for å sikre valfridom for komande generasjonar. Venstre vil følgje opp planarbeidet som gjeld utvikling av alternative energikjelder.

For Venstre er natur- og miljøvern ein integrert del av samfunnsplanlegging og -utvikling. Fylkeskommunen må ha ambisjon om å vere ein pådrivar i miljøspørsmål. Fylkeskommunen skal utarbeide klimaplan.

Plan- og bygningslova må nyttast for å sikre folkevald styring med planarbeidet. Miljøproblem har ofte konsekvensar ut over kommunegrenser og fylkesgrenser. Sogn og Fjordane har naturområde som er viktige både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Difor er det viktig at fylkeskommunen involverar seg i arbeidet for å sikre dei mot forureining. Samarbeid med organisasjonar og andre som handterer miljøspørsmål vert difor viktig for å sikre naturen mot forureining og uvitug bruk.

Naturen vår er verdfull, og når enkeltmenneske og bygdelag må avstå naturområde til felles beste, må felleskapet være viljuge til å bruke betydelege ressursar for å vidareutvikle naturverdien. Her ligg eit stort potensiale for aktivitet og bygdenære arbeidsplassar innan reiseliv, forsking, undervisning, service.

Sogn og Fjordane er storprodusent og storeksportør av vasskraft. Overføringslinjene er store inngrep i både urøyrd natur og i bustadområde. Sogn og Fjordane Venstre krev at kostnadane ved forringing av urøyrd natur og bandlegging av utviklingsområde må takast med i reknestykket når nye overføringslinjer skal byggjast. Miljøomsynet skal vera tungtvegande. Venstre seier eit klart nei til Statnett sine planar om å byggje heile overføringslina Fardal- Ørskog som luftspenn.
Det bør utarbeidast ein plan for bygging av gassferjer på fleire samband enn det som er planlagt i dag.

Venstre vil arbeide for at Førdefjorden skal verte referansefjord for forskning på korleis næringsverksemd i fjorden påverkar villaksen sine vilkår. Dei resultat ein kjem fram til ved å ha ein referansefjord, vil vere viktig informasjon inn i framtida både nasjonalt og internasjonalt. Venstre meiner vi ikkje kan la denne moglegheita gå frå oss.

Venstre vil arbeide for at fylkeskommunen tek miljøomsyn både ved innkjøp og ved fylkeskommunale utbyggingar. For å få det til må det takast i bruk eit sertifiseringssystem der omsyn til miljø får føremoner ved anbodsfastsetjing. Dette kan vere ein måte å følgje opp og gjennomføre Lokal Agenda 21. Fylkeskommunale bygg må tilretteleggjast for bio-energi, til dømes i form av vassboren eller anna miljøvenleg oppvarming.

Fylkeskommunen må utøve aktivt eigarskap og arbeide for å styrkje kompetansemiljøet og sikre arbeidsplassane og verdiane i SFE. Venstre ønskjer ikkje at SFE skal fusjonerast.

NÆRINGSLIV OG SYSSELSETJING.
Venstre ser det som viktig å føre ein politikk som gjer at folk framleis ønskjer å bu og virke i Sogn og Fjordane. Viktige ressursar innan landbruk, fiskeri, reiseliv, vasskraft, olje og gass ligg i distrikta og i fylket vårt. Desse ressursane er avgjerande for verdiskaping og velferd for heile landet. Sogn og Fjordane bidreg med verdiskaping til det norske samfunnet som tilsvarer fleire gonger folketalet. Eit variert næringsgrunnlag, desentralisert utdanningstilbod, helsetilbod og gode kommunikasjonar er avgjerande for å kunne utnytte desse ressursane på ein økonomisk forsvarleg måte. Fylket har i dag byar og tettstader som i lag med omlandet sitt fungerer som gode arbeids- og buområde.

Venstre ser det som viktig å fremja tettstadutvikling, ved at tettstadene i fylket får tenester og tilbod ein i dag må ut av fylket for å henta. Venstre vil og kjempe aktivt for lokalisering av nye statlege arbeidsplassar til fylket. Vi vil leggje tilhøva til rette for etablering av ny næringsverksemd gjennom areal- og samferdsletiltak.

Dei fleste nye arbeidsplassar vil i framtida verte skapte i små- og mellomstore verksemder. Nyetablerarar og småverksemder må få vilkår som aukar sysselsetjinga og verdiskapinga. Venstre vil difor arbeide for tilskotsordningar tilpassa slike verksemder sin trong. Venstre trur på det skapande menneske. Jobbskaparar og idemakarar må synast tillit og ikkje hindrast gjennom unødig byråkrati og skjemavelde.

Fylkeskommunen skal vera pådrivar for regional utvikling. Venstre vil i fylkestinget sjå etter at fylkeskommunen føl opp dette i praksis, både når det gjeld forvaltning av tilskots- og utviklingsmidlar, og korleis fylkeskommunen opptrer sjølv som kjøpar av varer og tenester. Anbod og prisførespurnader på fylkeskommunale innkjøp må innrettast slik at verksemder i Sogn og Fjordane har reelt høve til å konkurrere med verksemder utanfrå.

Ordninga med distriktsaktiv skule må vidareutviklast for å skape ein betre lokal etablerarkultur i Sogn og Fjordane Det må vere eit samarbeid mellom vidaregåande skule og næringsliv når det gjeld praktisk gjennomføring.

Venstre vil:
betre samarbeidet og kommunikasjonen mellom utdannings- og forskingsmiljøa og næringslivet
vere ein pådrivar for betre infrastruktur i fylket, mellom anna ved hjelp av regionale utviklingsmidlar
at Sogn og Fjordane får ta del i utnytting av olje — og gassressursane utanfor fylket gjennom industrietablering på Lutelandet og Sløvåg, og auke i baseaktiviteten i Florø
at fylkeskommunen bidreg med midlar til omstillingstiltak i kommunar som får store sysselsetjingsutfordringar


LANDBRUKET

Det er den statlege og internasjonale politikken som i hovudsak formar vilkåra for norsk landbruk. Men Venstre ser og på Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sin felles fylkesdelplan for landbruket som eit godt styringsdokument. Mellom anna har det eit formulert mål om at fylket skal halde på sin relative del av landbruksproduksjonen i landet. Landbruket har vore og bør framleis vere ein stabiliserande faktor for busetnaden i bygdene. I ei tid der våre små brukseiningar slit økonomisk, trengs det og offentlege midlar til styrking av andre bygdenæringar.

Den nye ordninga der midlar frå jordbruksavtalen vert overført til regionale miljøprogram, har gjeve fylket spelerom til å utforme sin eigen fordelingsprofil. Venstre meiner vårt fylke har fått til ein tenleg profil. Tilskot til drift i brattlendt terreng og beiting i utmark må framleis ha høg prioritet.

Forvaltning av jord- og andre naturressursar krev langsiktig tenking. Vern om dyrka og dyrkbar jord til komande ætter må difor stå sterkt i utbyggingssaker t.d. for bygningar og vegar.

Turistfylket vårt treng eit ryddig kulturlandskap. Attgroing i klimatisk drivande fjorlandskap kan utnyttast til produksjon av bioenergi. Fylkeskommunen bør syne veg ved nytting av slik energi der det høver med fylkeskommunale bygg og elles stimulere lokal bioenergisatsing.

Skogreisinga på Vestlandet får no sitt resultat ved store mengder hogsmogen skog, ofte i veglaust og bratt terreng. Det fylkeskommunale tilskotet til skogsvegar bør haldast oppe, sjølvsagt med krav til miljøvenlege og økonomisk forsvarlege vegplaner.

Venstre ser positivt på at kommunane etter kvart har overteke mykje av Fylkeslandbruksstyret sitt tidlegare saksfelt. Men regjeringa sitt framlegg er at Fylkeslandbruksstyra vert fjerna, og klagesaker frå kommunane skal handsamast av Fylkesmannen. Venstre meiner dette er ei svekking av folkestyret, og vil arbeide for at klagesaker innan landbruket vert handsama av eit folkevalt organ.

VENSTRE VIL:
– støtte tiltak for at fylket kan halde på sin relative del av landbruksproduksjonen i landet, t.d. tiltak som kan motivere unge til å satse på landbruket
– utvikle dei landbruksfaglege utdanningane på Mo og i Aurland som kompetansesenter, særleg for å oppfylle den nasjonale måla om meir økologisk landbruk
– ha størst mogleg vidareforedling av råvarene innan fylket
– oppretthalde det fylkeskommunale tilskotet til skogsvegar slik at den næringsmessige utnyttinga av utmark og skog aukar
– i vernesaker arbeide for vernereglar som kan sameine bruk og vern, og medverke til eit betre samarbeid mellom grunneigar og forvaltning.
– at fylket vårt framleis skal vere verdssenter for avl og bruk av fjordhesten
– medverke til at gardstuna vert brukt som gode buplassar for fastbuande, gjerne og for andre enn bønder
– at landbruksforvaltninga på fylkesplan skal vere folkestyrt.
– at dagens rovdyrpolitikk vert gjennomført i praksis slik at det gjer det mogeleg og lønsamt å nytte dei rike utmarksbeita i fylket.

FISKE
Fiskerinæringa er fundamentet for busetjinga og sysselsetjinga på kysten. Den havgåande flåten, kystflåten, oppdrettsnæringa og fiskeindustrien er til saman grunnpilarar i kystsamfunna. Venstre vil ha ein fiskareigd flåte som sikrar at fiskeflåten blir spreidd langs kysten. Venstre vil åtvare mot eit kvotesystem som hindrar nyrekruttering til næringa.

Arbeidsplassar på fiskebåt må likestillast med arbeidsplassar innan sjøfart og arbeidsplassar på land med omsyn til skattlegging, offentleg støtte og finansieringsordningar.

Utdanning og utvikling av lærlingordninga kan vere med på å sikre rekruttering til fiskerinæringa.

Venstre vil:
at oppdrettsnæringa både for fiskeartar og skjell må sikrast ein distriktsvenleg profil
utvikle kystsoneplanar som gjev næringa høve til berekraftig utvikling.
at ordning med rekrutteringskonsesjonar må utprøvast.
ved omstruktureringar skal det takast omsyn til næringa sine behov for langsiktig planlegging
at det vert sikra gode opplæringstilbod i aquakultur og fiskerifag ved Måløy vidaregåande skule og at det vert satsa vidare på maritim fagskule.
ikkje ha fri omsetjing av fiskekvotar.
fiskeressursane er nasjonalressursar som må forvaltast på nasjonalt plan
styrkje tiltak og aktivitetar som kan utvikle næringsverksemd med utspring i samhandling mellom tradisjonelle kystnære næringar og turisme
redde fiske- og truga sjøfuglbestandar ved å ha ei ny sterk regulering av industrifiske (kolmule, tobis, augepål) i Nordsjøen, basert på forskingsinstitusjonane sine tilrådingar
utvikle meir vegetarbasert oppdrettsfor

SAMFERDSLE
Venstre vil knyte fylket betre saman gjennom utbygging av stamveg- og riksvegnettet. Det må satsast meir på rassikring, og Venstre vil arbeide for å få vesentleg auke i dei statlege løyvingane til fylket til vegvedlikehald, rassikring og vegbygging. Venstre vil i fylkestinget setje av midlar til gjennomføring av investeringstiltaka i Fylkesvegplanen. Transportlinene både på sjø og land må vere raske og effektive slik at næringslivet sine transportbehov vert dekka, og folk si daglege pendling til og frå arbeid fungerer. I tida framover vil det vere svært viktig å ha sterk fylkeskommunalt fokus på å oppretthalde og utvikle både flyplassar og flytilbod i fylket. Den lokale ruteferdsla skal gje innbyggjarane tilbod om rutesamband til eige kommunesenter og regionale senter i fylket. Likeeins er dei regionale bussrutene og ekspressbussane viktige lekkar i samferdsla i fylket.

Venstre vil:
arbeide for å auke statlege midlar til utbetring av riksvegar og sikring av rasfarlege parti
utvikle eit godt og framtidsretta kollektivtilbod i alle delar av fylket- også av miljøomsyn
at Stad-tunnelen blir bygd innan 2009, finansiert med statlege midlar
auke løyvingane i den nasjonale transportplanen slik at vi får "gul midtstripe" på riksveg E39 gjennom fylket i løpet av få år
at det blir løyvd midlar ved rullering av Nasjonal transportplan til strossing av tunnelane og rassikring på Rv15 Strynefjellet
auke innsatsen på trafikktryggleikstiltak monaleg og prioritere meir midlar til gang- og sykkelvegar.
ha halvtimesavgangar på ferja Lote-Anda.
utvikle dei 4 flyplassane i fylket ved å betre innflygingstilhøva og regulariteten
ha betre samband mellom ekspressbussar og tog på Gol og Otta.
behalde rutesambandet mot jernbana i Flåm
at fylket framleis bidreg økonomisk til godsruter i dei mest avsidesliggjande delane av fylket
at kombinerte system med drosje og buss vert nytta for persontransport i område med svakt trafikkgrunnlag, og at fylkeskommunen bidreg til at kvar kommune i fylket har nok drosjeløyve til å dekkje trongen for både privat kollektivtransport og sjuketransport
oppretthalde ordninga med ungdomskort for kollektivreiser.
ha ein meir fleksibel skuleskyss for elevar i vidaregåande skule
vidareutvikle ordninga med tilrettelagde transporttilbod og "Trygt heim for ein 50-lapp"
betre transporttilbodet for funksjonshemma
greie ut ferjefri kryssing mellom Lote – Anda

UTDANNING
Venstre har som mål å gje den enkelte ungdom og vaksne ei best mogeleg opplæring etter interesser, evner og anlegg. Venstre ynskjer eit sterkt offentleg skuleverk med private skular og folkehøgskular som verdfulle supplement. Det er eit mål for Venstre at alle skal få eit studietilbod slik at dei kan bu heime lengst råd.

Det er viktig å halda oppe eit desentralisert og heilskapleg skuletilbod i fylket. For å greie å gi den enkelte eit best mogleg og likeverdig fagtilbod er det naudsynt å sjå alle skulane i ein region i samanheng. Dette inneber eit forpliktande samarbeid skulane i mellom. Kvar skule må få vidareutvikle eigen identitet og dei fagområda dei er sterke. Dette er viktig også for å få sterke fagmiljø og utnytte dei økonomiske ressursane betre.

Venstre ønskjer at pedagogikken i større grad skal tilpassast den enkelte elev sine interesser. Eleven må ta ansvar for eiga læring. Skulane må bli stimulert til å drive utviklingsarbeid. Det må innførast eit system for skulevurdering. Skulane må få større fridom innafor gitte rammer til å utvikle seg.

For Venstre er det sjølvsagt at skulen er til for den enkelte elev og hans ønskje for framtidig utdanning og yrke. Ein må også ta omsyn til den kompetansen og fagutdanninga som arbeidslivet vårt krev.

Fylket har eit skrikande behov for investeringar til rehabilitering og nye skulebygg. Venstre vil prioritere rehabilitering så lenge dei økonomiske rammene er tronge.

Venstre vil:

at elevane i den vidaregåande skulen skal ha fridom i val av skule.
halde på den desentraliserte skulemodellen vi har i Sogn og Fjordane slik at dei fleste unge kan bu heime lengst mogeleg samstundes som dei har eit godt og breitt tilbod innafor rimeleg reiseavstand
ha likeverdige skuletilbod i dei tre regionane samstundes som vi beheld dei fylkesdekkjande linene som over tid har opparbeidd verdifull kompetanse og erfaring
ha fylkeskommunale stipend for elevane i den vidaregåande skulen, slik at dei kan skaffe seg skulebøker, berbar PC og andre hjelpemiddel utan å ta opp lån eller ta ein jobb som går ut over gjennomføringa av skulen
at skulebøker skal vere gratis
at eksamen kan gjennomførast elektronisk
at skulane skal vere røykfrie område og område fri for brusautomatar
satse på rekruttering av lærarar
styrkje undervisninga, t.d. i realfaga
styrkje lærarane sitt høve til fagleg oppgradering og kompetanseheving
styrkje elevdemokratiet med mellom anna å syte for eigne midlar som kan disponerast av elevråda på skulane
at fylkeskommunen samarbeider med Høgskulen Sogn og Fjordane om utviklinga av høgskuletilbodet i fylket
betre tilpassinga av studietilbodet til næringslivet sine behov.

SOSIAL OG HELSEPOLITIKK
Velferdsstaten kan aldri erstatta det personlege ansvaret me som einskildmenneske har for oss sjølve og medmenneska våre. Borgarane skal kunne kjenne seg trygge på at dei får hjelp når dei treng det. Tilbod til eldre og kronisk sjuke og psykiatriske tenester skal gjevast nærast mogeleg borgarane.

Fylkeskommunane må igjen få ansvaret for spesialisthelsetenesta. Lokalsjukehusa må ha akuttfunksjonar innan føde, medisin og kirurgi og/eller ortopedi i tillegg til naudsynte vaktordningar innan støttefunksjonar som anestesi, røntgen og laboratoriet. Ambulansetenesta må styrkjast for å stetta kravet til tryggleik.

For å betre helseføretaket sin økonomi må arbeidet med å få ned sjukefråveret, rekruttering av legespesialistar, reduksjon av gjestepasientutgifter, auka inntening og reduksjon av unødvendige administrative stillingar få særskilt merksemd. Vi meiner helseføretaket må vidareutvikle samhandlinga mellom sjukehusa, og organisere seg slik at ein nyttar ressursane best mogleg.

Vi ønskjer at helseføretaket skal nytte offentlege sjukehus framfor private klinikkar når det er ledig kapasitet hjå det offentlege. Venstre vil også ha auka statleg finansiering av sjukehusa, med særskilt vekt på dei utfordringar vår spreidde busetnad og topografi gjev.

Venstre går inn for at Sogn og Fjordane får tildelt regionale helseoppgåver.

Venstre vil:
ha livskraftige nærsjukehustenester i Florø, velfungerande lokalsjukehus på Eid og i Lærdal, og eit sterkt sentralsjukehus i Førde
styrkje tilboda innan psykiatri, geriatri, rusomsorg, rehabilitering og for kronisk sjuke
støtte opp om rekrutteringstiltak innan tannhelsetenesta og medverke til opptrapping av utstyrsutskiftinga
yte tilskot til krisetelefon og krisesenter
styrkje det folkehelsefremjande arbeidet
utvikle samspelet mellom dei frivillige organisasjonane og dei offentlege aktørane i helsevesenet
stø opp om utviklinga av Hauglandssenteret og livsmeistringssenter på Skei


KULTUR

For Venstre er kulturpolitikken limet som utviklar og bind menneska og lokalsamfunna saman. Dei frivillige laga og organisasjonane er ei berande kraft i utviklinga av dette fellesskapet.

Venstre vil stimulere og styrkje ulike kulturformer som næringsveg, og som støtte til andre politiske målsetjingar.

Venstre vil:
følgje opp fylkeskommunen sine forpliktingar når det gjeld Opera Nordfjord, Kunstmuseet, Norsk Reiselivsmuseum, Bergkunstsenteret, Besøkssenteret for Astruptunet og Gjesmegalleriet
auke driftstilskota til musea og følgje opp museumsplanen
oppretthalde tilbodet til bokbussen og bokbåten
auke løyvingane til ulike kulturformål slik at dei mange lag og organisasjonar minst får løyvingar på dagens nivå
prioritere barn og unge ved tildeling av midlar
prioritere tilskot til aktivitet framfor tilskot til drift
stø opp om Fylkesarkivet sine satsingar innafor informasjonsteknologi
stø opp om Sogn og Fjordane Teater si verksemd
satse på distriktsmusikarordninga
utvikle det gode samspelet mellom amatørkreftene og dei profesjonelle aktørane

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**