Program for Finnøy Venstre 2007 — 2011

Her kan du lesa Finnøy Venstre sitt program

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


SMÅBEDRIFTER- MILJØ- SOSIALT ANSVAR

VENSTRES FUNDAMENT
Venstre er eit sosialliberalt parti. Å vera sosialliberal inneber ein sterk tru på menneske sin skaparevne, kreativitet og ansvarsfølelse. Difor set Venstre alltid det einskilte menneske i sentrum, ikkje grupper eller klassar. Alle menneske er likverdige, men ingen er like. Auka fridom gir mulighetar for menneskeleg vekst
Frihet for det einskilte individ og ansvar for fellesskapet er Venstre sine grunnleggjande verdiar. Difor er Venstre sitt kjernebodskap: Meir fridom, meir ansvar.

LEVANDE DEMOKRATI
Venstre er opptekne av at lokaldemokratiet skal fungera. Dette er avhengig av engasjement!
Reduksjon av antall kommunestyrerepresentantar kan gå utover minoritetar og svake sin mulighet til å nå fram med si røyst. Venstre har tradisjon også i Finnøy for å tenkja og handla alternativt.

Finnøy Venstre går inn for direkteval av ordførar, og at toppstillingar i administrasjonen vert tilsett på åremål.

I ein så liten kommune som Finnøy har vi mulighet til kort veg mellom folket og dei folkevalde. Denne muligheten må nyttast begge vegar!

Venstre meiner at lokale grendautval eller tilsvarande kan vera med å styrka og utvikla denne kontakten. Finnøy Venstre vil leggja til rette for at laga får disponera midlar til dette arbeidet. Laga kan fungera som høyringsinstans i aktuelle sakar.

Eit lite og tett samfunn er óg ei utfordring for demokratiet. Kjennskap og vennskap kan lett gå over i kameraderi. Finnøy Venstre vil vera ei vaktbikkje for at dei folkevalde skal ta vare på sin integritet.

Innbyggjarar som tek kontakt med administrasjonen skal møtast på ein respektfull måte.
Difor skal alle skriftelege henvendelser svarast på innan tre veker. Svaret skal vera skrifteleg og innehalde opplysningar om vidare saksbehandling (inkludert kor lang tid prosessen kjem til å ta)

NÆRINGSPOLITIKK
Dette er ei av dei største utfordringane for å kunna auka folketalet.
Primærnæringane har vore, og er, fundamentet for all næringsaktivitet i Finnøy.
Finnøylandbruket har lange tradisjonar som ein viktig leverandør av mat i Rogaland. Dette skal vi ta vare på og vidareutvikle. Finnøy Venstre ynskjer å ta vare på mangfoldet i landbruket og bidra til ei variert matproduksjon med spennande lokale spesialitetar.

Næringsutvikling må ha høg prioritet. Men ein må heller ikkje gløyma ei bærekraftig utvikling.
Entreprenørskap og etableraropplæring bør styrkast, både i grunnutdanning og vidareutdanning.
Vår kultur, miljø og næring er ei plattform som kan utnyttast for vidare næringsutvikling.
Eit eksempel på dette er suksessen "vandring i bedehusland" v. Ryfylke Livsgnist.

Innan våre blå-grøne satsingsområdar og med etablering av Finnøy Næringshage as bør det leggjast til rette for at Finnøy vert eit lokalt-og regionalt kraft og kompetansesenter i fylket vårt.

Næringsareal har vore eit forsømt område. Dette gjeld óg sjøretta verksemd.
Havet vår byr på uendelege mulighetar til nye og spennande matprodukt og Venstre vil støtta dei som tør satsa på nye idéear og gjera framtidas havbruk både miljøvenleg og lønnsam

BUSTADBYGGING
Tilrettelegging for bustadbygging må prioriterast på eit høgt plan i alle delar av kommunen i komande periode

Bustadbygging krev ein differensiert politikk etter kor i kommunen det gjeld. I nordre del av kommunen kan ein ha ei meir liberal holdning enn i "pressområda" lenger sør.
Kommuneplanen er eit tenleg verktøy for å styra utviklinga.

Kommunen må prioritera tilgang til byggjeklare tomter i heile kommunen.
Finnøy Venstre ynskjer ein enklare prosess ved bygging og nyetablering.

BUPLIKTA
Plikt til å bu — er i strid med Venstre si sosialliberale grunnholdning. Dei politiske realitetane og den lokalpolitiske debatten set ordninga under press.

Finnøy Venstre ynskjer ei grundig evaluering og debatt om ordninga i neste kommunestyreperiode. Innbyggjarane sitt syn skal bli høyrt.
Eit alternativ kan vera at buplikta vert oppheva i delar av kommunen.
Omgrepet "buplikt" bør skiftast ut med bulyst!

EIGEDOMSSKATTEN
Finnøy Venstre var i utgangspunktet usamd i innføring av eigedomsskatt. Dette blant anna fordi mange eigendomar ikkje har kommunalt vatn, lys, godkjent kloakk, veg etc. Men alternativt føreslo Venstre eigedomsskatt berre for "fastlandsFinnøy" — Finnøy og Talgje. Men forslaget vart nedstemt i Finnøy kommunestyre. Eigendomsskatten er ein usosial skatt som rammar alle likt, uavhengig av inntekt og tilgang til kommunale tenester. Venstre vil heller jobbe for eit fritt kommunalt skatteøyre.

SAMFERDSEL
Den største utfordringa blir å halda på to ferjer i det nordre sambandet, Vilkåret for dette er at vi framleis får ha ferjekontakt med Nedstrand og Jelsa, også etter fyllingsbrua til Tjul. Denne kontakten er og ein styrke for Finnøy kommune, især nordre delen. Her må kommunen ha eit nært samarbeid med nabokommunane.

Ferjeruta til Nesheim/Jelsa er den er den siste ruta som kjem i nærleiken av å kallast eit Fjordcruise. Denne opplevelsesreisa bør i større grad markedsførast mot turistane.

Sambindingsplanane Fogn — Halsnøy må også haldast varme. Sjebnen for Ryfastprosjektet er og spanande for Finnøy. Dersom dette skulle enda opp med bru over Høgsfjorden, bør det med hjelp av Hjelmeland blesast nytt liv i Renn — Rand prosjektet., som kan realisera eit fullt Ryfastopplegg.

Finnøy Venstre vil jobbe for at hurtigbåttilbodet ikkje vert svekka etter Finnfast.

KULTUR
All form for aktivitet av og mellom menneskjer er ein form for kultur.
Venstre meiner at det er viktig at menneska får høve til å frigjera byggjande krefter åndeleg — sosialt, mentalt og fysisk. Difor må kommunen sin kulturpolitikk vera å støtta alle byggjande krefter, utan å styra eller favorisera enkelte deler.

Organisasjonslivet og det store spekteret av frivillige lag og organisasjonar, tilbod og tiltak er ei berebjelke i kommunen vår. Dette viktige arbeidet må det byggjast vidare på.

Kulturlandskap og natur er eit av dei største aktiva kommunen har. Dette må takast vare på, og markerast sterkare som ein del av vår identitet.

Venstre ser førebyggjande og motiverande ungdomsarbeid som eit viktig ledd i kulturen. Finnøyungdommen er den viktigaste kulturressurs kommunen har. Difor må kommunen prioritera ressursar på dette området.

Venstre vil sjå på muleghetane i kommunen for ein kulturarbeidarstilling, eventuelt i samarbeid med nabokommunen Rennesøy.

Kulturprisen skal delast ut kvart år.

FINNØY KOMMUNE SOM ARBEIDSGJEVAR
Finnøy Venstre vil at det i komande periode skal gjennomførast ei undersøking blant noverande og tidligare tilsette der ein set fokus på kva som er positive og negative sider ved å jobbe i kommunen.
Finnøy Kommune skal vera ein attraktiv arbeidsstad. Personalreglar må gjennomgåes. Ein må ha gode permisjonsordningar når ein har vore lenge tilsett i kommunen.

Lønsforhalda må vera konkurransedyktige!

MILJØET
Venstre har markert seg sterkt som eit miljøparti. Som enkeltpersonar, kommune, eller for eit lite land i den store verda, føler vi på at det er ikkje mykje vi kan gjera. Men miljøskader kjem først og fremst av overforbruk og mangel på alternativ. Overforbruket kjem av auka vekst og velstand. Dette er eit paradoks som vi bør vera oss bevisst både i privat og offentleg forvaltning. Difor kan vi gjera meir for å verte meir miljøbevisste i kommunen

Tømming, sortering og tilgang til miljøstasjon bør betrast for heile kommunen.

Innbyggjarane skal motiverast til miljøbevissthet og engasjement

Søppeldunkar på alle offentlege plassar

Som det leiande miljøpartiet er det er det positivt å sjå at fleire og fleire ser kor viktig det er med eit sterkt miljøengasjement.

Finnøy Venstre ynskjer tidleg i neste periode å foreslå ein miljøplan i kommunen. Planen skal vera retningsgivande for kommune, næringsliv og innbyggjarar.

Venstre vil jobba for at det i løpet av neste periode delast ut ein miljøpris

HELSE OG OMSORG

Sosialt ansvar er ei av kjernesakane til Venstre.

Det er viktig å prioritera nok ressursar i pleie og omsorgssektoren der arbeidsmiljøet er viktig for å unngå slitasje og utbrenthet blant dei tilsette.
Heimesjukepleien må sikrast ressursar for at eldre og hjelpetrengjande kan bu lengst muleg heime.
Det må leggjast til rette for god helseinformasjon og motivasjon for både eldre og yngre.
Venstre ynskjer at kommunelege, eldreråd, helselag og andre skal nyttast til høyring i aktuelle sakar.
Politikarar skal jevnlig informerast om kor mange/og kor lenge eldre står på venting for plass i omsorgsboligar på sjukeheimen.
Ein gong i året skal det arrangerast møte der politikarar møter eldreråd, kommunelege og eventuelt andre der ein kan høyre deira syn på aktuell situasjon.
Finnøy venstre ynskjer at det snarast mulig lagast langsiktige og konkrete målsettingar og strategiar i arbeidet med eldreomsorg.

Barnevernet og sosialtenesta skal vere eit område ein har fokus på med jevnlige situasjonsrapportar til politikarane for å sikra kvaliteten ved desse tenestene.
Finnøy venstre ynskjer å gje ekstra sosialhjelp i desember månad slik at dei som mottek denne har råd til litt av det same som andre med halv skatt i denne månaden har.

Lovpålagte tenester skal alltid overhaldast innan tidsfristane

OPPVEKST

Finnøy Venstre vil sikre eit godt utbygd barnehagetilbod i heile kommunen.

Skulene i Finnøy skal sikrast naudsynt kompetanse. Venstre ynskjer å setje fokus på omgrepet "gjensidig respekt mellom lærar og elev" og legge til rette for gode læringsmiljø på alle trinn

Vi vil tilretteleggja for samlivskurs.

Arbeide vidare for å styrkje samarbeidet mellom skule- kyrkja , politi og andre organisasjonar for å førebyggja at born og ungdom hamnar i problem.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**