Ein open og enkel kommune
Hareid Venstre vil arbeide for at folk skal vite om kva som skjer i kommunen og at kommunen skal hjelpe folk når dei treng det til reguleringsaker, tomter, sjukeheimsplass, barnehageplass, skule, med meir.
Eit trygt og kreativt oppvekstmiljø der det også vert sett krav til born og unge
Hareid skal sette oppvekstmiljøet i sentrum slik at alle born blir sett og høyrde. Barnehagen og skulen skal gi respekt og kreve respekt. Det er viktig at borna opplever at dei har ei oppgåve i lokalmiljøet. Hareid Venstre vil bygge opp under frivillege lag og organisasjonar som arbeider for born og unge. Skulen må ha god balanse mellom teori , praktiske fag og fysisk aktivitet slik at borna blir harmoniske og mottakelege for lærdom.
Hareid Venstre vil satse på innhaldet i skulen slik at det er ressursar der til å gi utfordringar for born som treng det og til hjelpe også born som treng ekstra oppfølging.
Det er viktig for Venstre at kommunen har skikkelege barnehagebygg, skulebygg og gode uteområde. Ferdiggjering av Hareid skule har prioritet.
Gøy utan rus
Hareid Venstre vil engasjere seg stekt i rusførebyggjande arbeid og stø oppunder det lokale og interkommunale arbeidet som er i gang. Vaksne leiarar bør stimulere ungdom til utfalding utan rus og vise toleranse for ungdom sin veremåte. Hareid Venstre vil vidareutvikle ungdomsrådet, ungdomskafeen og mekkeklubben. Hareid Venstre ser idretten som ein svært viktig aktør for å utvikle sterke og sunne ungdommar.
Dei eldre skal ha det godt
Hareid venstre vil vere med på å sikre at dei eldre i Hareid skal få hjelp der dei ønskjer å bu slik at dei kan føle dei har ein trygg kvardag. Hareid Venstre vil også støtte arbeid som motverkar einsemd hjå eldre og støtte opp om Frivilligsentralen sitt arbeid.
Innvandrarane ein ressurs for kommunen
Hareid Venstre vil ta imot innvandrarar på ein slik måte at dei blir integrert i Hareidsamfunnet – og slik at dei får høve til å bruke evner og utdanning til det beste for seg sjølve og andre. Dette inneber krav til deltaking på norskopplæring og at borna kjem i barnehage og skule slik at alle etterkvart blir ein naturleg del av folket i Hareid.
Utvikling av møtestader
Dei sosiale mønstra våre er i endring, og det er ikkje alle som ønskjer å vere medlem av organisasjonar. Det trengst difor også andre møteplassar for samtale, diskusjon og refleksjon. Hareid Venstre vil difor stimulere til å skape fleire ulike møteplassar for folk i alle aldrar. Opplevingsparken i sentrum kan vidareutviklast som møteplass.
Bibilioteket må få ressursar slik at det blir ein interessant informasjonssentral og ein viktig møteplass.
Ridehall i Hjørungavåg vil vere ein flott møtestad for born og unge frå alle krinsar i kommunen og for andre utanfor Hareid kommune.
Hareid Venstre vil arbeide for opprusting av hamnområdet/småbåthavna i sentrum og gjere den til ein naturleg møteplass for lokalbefolkninga og tilreisande.
Kvitneset må rustast opp til ein møteplass for lokalbefolkningen og tilreisande.
Ei opa folkekyrkje
Hareid Venstre ønskjer ei opa folkekyrkje som folk kan søkje til i sorg og glede, i helg og kvardag. Vi vil vere med å sikre midlar til forsvarleg drift av kyrkja, bygningar og gravplass.
Frivillegsentralen er ei viktig diakonal teneste i kyrkjelyden som må haldast i drift. Hareid Venstre støttar Frivillegsentralen i det gode arbeidet med å samordne offentleg og privat innsats til beste for alle som bur i kommunen – frå dei yngste til dei eldste.
Miljøet vårt er viktig
Hareid Venstre vil verne om natur, miljø og kulturlandskap når nye område skal leggast ut til bustader og næringsbygg. Viktige delar av strandsona, fjellområda og kulturlandskapen må vernast for ettertida.
Hareid Venstre går inn for utbygging av Raffelneset på ein måte som kan kombinerast med vern av badestranda og nausta der.
Hareid Venstre vil verne om viktig landbruksareal og vere med å stimulere til at gardsdrift kan oppretthaldast.
Hareid Venstre vil prioritere vidare utbygging av kloakknettet i kommunen.
Nye byggefelt
Det hastar å få ferdig nye og attraktive byggefelt i kommunen. Venstre vil ha tilrettelagt nye byggefelt i alle krinsar. Venstre vil løyve pengar til planlegging og regulering av slike byggefelt.
Hareid Venstre vil jobbe for å legge til rette for ungdomsbustadar som eit tiltak for å få ungdomar til å etablere seg i kommunen.
Nasjonalt kormuseum
Venstre vil løyve pengar til å få utarbeidd prosjekt for eit nasjonalt kormuseum i tiknyting til Bygdatunet Vonheim. Dette skal bli eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingsenter for korsong i Norge .
Venstre vil at Bygdatunet Vonheim elles skal vere eit kulturelt senter for kunst, lokalhistoire og ein arena for konsertar og utstillingar.
Vesntre støttar planane for utearealet ved Bygdatunet Vonheim.
Ishavsmuseet Aarvak
I Brandal må utviklast til eit nasjonalt museum for den unike ishavshistoria vår. Det må også utviklast til å bli eit dokumentasjonssenter for det som har skjedd i desse områda i seinare år kring selfangstnæringa med Greenpeace og motstanden elles mot selfangst og fangstmetaodar.
Venstre vil bevare og utvikle det særprega miljøet i Brandal og også legge til rette for turisme der.
Hjørungavågspelet
Må utviklast til å bli eit historisk spel med nasjonal status. Hareid venstre vil gi årleg støtte til spelet og til utvikling av ny og permanent spelestad. Vi vil stimulerer til Hjørungavågsepelet blir ein attraksjon for folk lokalt og i turistsamanheng.
Samferdsle
Hareid Venstre går inn for desse sakene:
– ny riksvegtrase som tek vare på miljøet og gir trygg trafikk
trafikktryggingstiltak for å sikre vegar for ferdsel for born og eldre
– døgnope og effetkivt samband mellom Hareid og Sulesund
– Hareid – Sula som trase for samband mellom Søre Sunnmøre og Ålesundsområdet.
– moderne og stor nok båt mellom Hareid og Ålesund
– gangveg over Eidet
– grusvegar/stiar til dei som trimmar og driv hestesport
– utvikle Kjøpmannsgata frå kyrkja til godsterminalområdet til ei levande handle – og miljøgate
– arbeide for å tilpasse kollektivtilboda (snøggbåt/buss) til flyavgongar på Vigra som er tilpassa næringslivsbehova. Time ekspressen må gå om Hareid – Ulstein.