3. kandidat Rolf Nesheim

er oppteken av at løyvingane til kulturføremål skal vera uavhengig av Norsk Tipping sine spel.
Du kan lesa heile lesarinnlegget han har skreve om saka her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Talar med to tunger
På laurdag fortalde Harry Mowatt til Nrk at dei frivillige laga og organisasjonane skulle få 5% av det ein satsa på Norsk Tipping sine spel. No har vi fått stadfesta at det kjem ingen friske midlar før ein spelar meir. Venstre vil at det skal løyvast meir til kulturføremål uavhengig av speleaktivitet.

Eg er sterkt usamd i at det norske folk skal spele meir for at kulturen og det frivillige lagsarbeidet skal få betre vilkår. Målsetjinga må vere færre speleavhengige, og eit løft til kulturen for kulturen sin eigenverdi. Det vonar eg Harry Mowatt er samd i.

Sjølve ordninga med at du skal krysse av for kva lag eller organisasjon du skal støtte opnar for mange spørsmål. Skal alle organisasjonane i kommunen stå på lista du kan krysse av for når du skal levere inn lottokupongen? Eller er det nokon som skal utelatast? Kven skulle det vere i så fall? Kor mykje ekstra byråkrati fører ordninga med seg?

For alle som no har fått forventningar etter intervjuet med Harry Mowatt er det trong for svar på desse spørsmåla og mange fleire. Sjølv kan eg tenkje meg å få svar på kor og til kven regjeringa tenkjer å kutte i løyvingane.

Rolf Nesheim

Foto: Mar


Rolf Nesheim
Tredjekandidat for Venstre, medlem av fylkeskulturutvalet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**