Vil du/partiet ditt kutta i klimagassutsleppa lokalt dei neste fire åra?
Desse tiltaka må settast i verk:
– Få utarbeida forpliktande klima- og miljøplan snarast
– Betre kollektivtilbodet mellom Luster og Sogndal
– Gjere det lettare og tryggare å bruke sykkel og gå til arbeid, skule og barnehage
– Kommunen sin bil- og maskinpark må oppgraderast til å verte meir miljøvennleg
– Generell ENØK-tiltak i eksisterande bygg og utandørs anlegg
– Auke kompetanse i bygg- og anleggsforvaltninga i kommunen
– Legge til rette for bruk av lokal biobrensel og vannboren varme i nye offentleg bygg
– Støtte tiltak som styrkar lokal bevistgjering rundt klima og miljø
Kva vil du sjølv gjera personleg for å redusera utslippa?
Installerte varmepumpe i huset for fleire år sidan. Har vore bevist på energisparande tiltak i huset med sparepærer, sparedusj og liknande, men vil prøve å bli endå flinkare til å kople frå ledningar og kablar til ladarar, maskiner og utstyr som ikkje er i bruk.
Familien er flinke til kjeldesortering, spesielt kona mi.
Kjøpte ny dieselbil for to år sidan. Tenkjer miljø og klima dagleg og vil prøve å vera endå flinkare til å:
– Sykle meir til arbeid i Sogndal (20 km pr veg)
– Få til meir felles transport når eg må bruke bil
– Skaffe meg meir informasjon om klima og miljø
– Snakke med folk for at vi skal bli meir bevisste på klimaspørsmål
– Arbeide aktivt for å få gjennomslag for ein god forpliktande klima- og miljøplan i kommunestyret.