Program Vågsøy Venstre 2007 -2011

Vedteke på medlemsmøte i Vågsøy Venstre 14.05.2007.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


MILJØ:
Venstre vil:
– at kommunen får til et samarbeid med lokale miljø og lokale lag og organisasjoner for å utvikle / oppretthalde berekraftige lokalsamfunn.
– halde fram arbeidet med å forbetre inneklimaet i kommunale bygg.
– at kommunen skal vere ein aktiv pådrivar i kampen mot forureining frå Sellafield og oljetransport.
– at kommunen skal ha ein god oljevernberedskap.
– at kommunen legg til rette for etablering av anlegg for avfall- / biobrensel på Trollebø.
– at kommunen til eikvar tid har ein oppdatert miljø- og klimaplan

BORN OG UNGDOM:
Venstre vil:
– forsvare den barnehagestrukturen ein no har oppnådd med tilnærma full desentralisert dekning i kommunen.
– arbeide for å behalde skulane Skram, Raudeberg, Skavøypoll, Bryggja og Holvik.
– styrke kvaliteten i skulen, herunder satse meir på lærarane.
– styrke skulane sin IT-kompetanse og gje dei betre utstyr.
– arbeide for allsidige aktivitetstilbod for ungdomen.
– styrkje dei førebyggjande tiltak mot rusmiddel mellom born og ungdom.
– støtte initiativ til utvida og nye aktivitetstilbod til dei ungdomane som fell utanfor tilbodet som finst i dag.

BU OG OPPVEKSTMILJØ:
Venstre vil:
– at leikeplassar/aktivitetsplassar blir gjort ferdige på lik linje med veg, vatn og kloakk i nye byggjefelt, og at ordninga med samarbeid mellom foreldre, velforeiningar, bygdelag og kommunen for å vedlikehalde plassane, blir bygt ut.
– at skulevegane blir sikre m.a. ved aktiv bruk av midlar frå Aksjon Skuleveg.
– at kommunen legg til rette for bustadfelt i kommunal og privat regi.

KULTUR OG FRITID:

Venstre vil:
– styrkje og synleggjere tilbodet innan kulturskulen.
– ta vare på dei viktigaste kulturminna i kommunen og gjere dei meir tilgjengelige
– stimulere og styrke eit aktivt og allsidig kulturliv i kommunen.
– styrke dei frivillege organisasjonane.
– arbeide aktivt for å få Nordfjordhallen / Samfunnshallen oppgradert til eit regionalt kultursenter.
– følge opp etableringa av Linge-senter i Måløy (museum).
– halde fram med støtte til restaureringa av Vågsberget og bruke Vågsberget aktivt som historisk kulturstad, komunal møtestad, turiststad m.v. Dette vil vere med på å styrke reiselivsatsinga i kummunen.

HELSE OG SOSIAL:

Venstre vil:
– arbeide for at dei pleietrengande i kommunen får den hjelpa dei har krav på og at dei som ønskjer det kan få bu heime lengst mogeleg.
– at den vedtekne bustadsosiale handlingsplanen vert nytta som mål- og handlingsdokument i kommunepolitikken.
– utvide dagtilbodet til heimebuande, herunder også avlastning.
– arbeide aktivt for rekruttering av legar til ledige stillingar.
– at ordninga med omsorgslønn held fram og vert utvida etter behov.

TETTSTADER OG SAMFERDSLE:
Venstre vil:
– at Sjøgata sør for torget i Måløy vert gjennomført.
– betre vedlikehaldet av kommunale veger og gater.
– gjere bygningar og areal betre tilgjengeleg for funksjonshemma
– halde fram arbeidet med å få til ringbuss Deknepollen — Holvik — Måløy.
– arbeide for at fylkesvegen Måløy-Holvik-Vågsvåg blir utbetra
– halde fram arbeidet for å få bygt Stad skipstunnel
– arbeide for fortløpande utbygging av Fastlandssambandet til Bremanger med ny ferjekryssing Rugsundøy — Vemmelsvik

NÆRLINGSLIV:
Venstre vil:
– arbeide aktivt for å styrke Vågsøy sin posisjon som fiskerikommune
– arbeide for å videreutvikle industriområda i kommunen slik at vi får eit allsidig næringsliv.
– halde fram kampen for å behalde /skaffe statlege- og fylkeskommunale arbeidsplassar.
– arbeide for å vidareutvikle reiselivsnæringa i kommunen, særlig med tanke på å utnytte potensialet som ligg i kyst- og båtturismen.
– arbeide for å vidareutvikle hamna i Måløy som servicehamn.
– arbeide for og støtte opp om at Måløy Vekst AS vert det tiltaks- og utgreiingsapparatet som selskapet er tiltenkt i omstillingsarbeidet kommunen er inne i.
– støtte opp om tiltak som gjer at Måløy Videregående Skule får studietilbod og ei utvikling som tilgodeser ungdomen og som er tilpassa næringslivet.

VÅGSØY KOMMUNE SOM ARBEIDSPLASS:
Venstre vil:
– at kommunestyret tek arbeidsgjevaransvaret på alvor
– at arbeide med Helse, Miljø og Sikkerheit (HMS) vert prioritert
– at kommunen kan tilby sine tilsette eit inkluderande arbeidsliv med tryggleik og trivsel i arbeidet
– at kommunen skal ha ein langsiktig plan for opplæring og rekruttering
– at kommunen skal ha ein godt tilpassa seniorpolitikk
– at Eldrerådet vert trekt med i saker der dette er naturleg

VÅGSØY KOMMUNE SOM ORGANISASJON:

Venstre vil:
– ha ein gjennomgang av organisasjonen for å gjere den så effektiv som råd er
– at kommunen vert meir kostnadseffektiv ved at ein held fram arbeidet med god økonomistyring og vektlegging av samarbeidet mellom dei ulike sektorane.
– at kommunen etablerer forpliktande samarbeid med andre kommuner og fylkeskommunen der dette er naturleg og kostnadseffektivt.

FOLKESTYRE:

Venstre vil:
– at ordninga med Barne- og ungdomsråd blir evaluert og forbetra gjennom at kommunen stiller sekretærfunksjon til disposisjon.
– at det skal arrangerast opne møter/folkemøter i samband med reguleringssaker, budsjett, økonomiplan og andre plansaker.
– at delegasjonsreglementet vert endra slik at fleire saker vert behandla av folkevalde organ.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**