Likskap er viktig i politikken !

Kviteseid Venstre vil ha slutt på det som av mange blir oppfatta som Kong Salomo og Jørgen Hattemaker-politikk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Spesielt i plan- og byggesaker, men også på ein del andre område, får store aktørar jamt over gjennomslag for ideane, planane, tiltaka og prosjekta sine i den politiske handsaminga av desse.

Det er ikkje noko galt i det, så lenge planar og tiltak er innanfor forsvarlege rammer med omsyn til konsekvensar for miljø, almenne samfunnsinteresser og kommuneøkonomien. Men når enkeltpersonar med små planar og føretak stundom har vanskar med å få godkjenning, eller at denne sit langt inne også etter detaljjusteringar og mykje om og men, blir dette med god grunn oppfatta som ulik handsaming.

Er ein stor nok og har tilstrekkeleg omfattande planar, får ein som oftast politisk tilslutning til desse. Men er ein liten og har ønskje om realisering av nokre mindre tiltak på eit lågare ambisjonsnivå, kjennest det av og til noko tyngre å få dette i gjennom i det som da blir oppfatta som eit politisk nålauge. Til og med brot på regulerings- og byggeføresegner, og med det avvik frå politiske vedtak, blir i liten grad slått hardt ned på i store utbyggingsprosjekt, medan små avvik frå vedtaksformuleringar kan få visse følgjer for små tiltak.

Også når det gjeld dispensasjonar frå gjeldande regelverk, synest det enklare å få det i ambisiøse, omfattande og offensive planar og prosjekt enn i meir defensive og mindre tiltak. – Kviteseid Venstre vil gjere sitt til ein politisk praksis som gjer at slike inntrykk som er beskrive her ikkje festar seg i folk flest si oppfatning, enten dette er reelt forankra eller ikkje.

Kviteseid Venstre Jon Ingebretsen

Innlegget til Jon Ingebretsen står på trykk i TA HER

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**