Valprogrammet 2007 — 2011

Lindås Venstre sitt valprogram 2007 — 2011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Lindås Venstre sitt valprogram 2007 — 2011

Programmet i sin heilhet kan lastes ned her.

Venstre i Lindås vil, i tråd med vårt sosialliberale grunnsyn, setja mennesket i sentrum. Me ønskjer at alle i størst mogeleg grad skal vera med på å ta ansvar, både for eige liv og for fellesskapet. Lokalmiljøa er viktige berebjelkar i kommunen vår, og difor vil Venstre ta vare på skulestrukturen vår. Me ønskjer eit samfunn i utvikling utan fastlåste løysingar, og eit aktivt lokaldemokrati som tek omsyn til naturkvalitetar, miljø og trygge oppveksttilhøve.

done deal

Foto: mk

Styringa av kommunen

Venstre byggjer på tanken om at alle har ei rolle å spela i forhold til styringa av landet. Folkeleg deltaking og engasjement er Venstre sitt ideal for demokratiet, og me ønskjer difor mindre makt til administrasjonen og rådmannen på rådhuset.

Lindås Venstre vil difor:

at størst mogeleg del av ressursane i kommunen vert nytta til arbeid for brukarane, og mindre til administrasjon
at kommunen prioriterer utarbeidinga av tenesteerklæringane.
at det skal etablerast faste dagar med kommunale servicekontor på Lindås og på Ostereidet.
at innbyggjarane skal få meir makt ved at utvala vert utvida til 15 personar, med representantar også utanfor kommunestyret.
at makt vert ført attende til politikarane frå administrasjonen og rådmannen.
at ein ved alle nyinvesteringar tek høgde for auka driftskostnader, og at ein er varsame med å auka lånegjelda til kommunen.
at det vert vurdert å leiga inn tenester dersom det er klart kostnadssvarande.
at kommunen må utvikla ein personalpolitikk som mellom anna tek sikte på å gje dei tilsette tilbod om etterutdanning, og som gjev gode og langsiktige rammevilkår for dei tilsette.
at gjelda til kommunen ikkje vert auka.

Penger, sedler

Foto: Microsoft

Næringsliv

Venstre ønskjer at det skal vera lett å etablera nye verksemder. Småbedrifter må få betre livsvilkår for å få fleire arbeidsplassar. Gjennom Tenesteerklæringa skal etablerarar få vita kva kommunen kan hjelpa dei med, og kor dei skal vende seg.

Lindås Venstre vil difor:

at det vert drive tiltaksarbeid og stimulert til nyetablering av småindustri.
at tilhøva vert lagt til rette for ei vidare utbygging i Mongstadområdet
at Knarvik vert vidareutvikla som regionsenter for heile Nordhordland.
at dei som vil etablera næringsverksemd får rask og effektiv hjelp av kommunen.
at kommunen tek initiativ til å byggje opp nettverk og møteplassar for å ta vare på og auka kompetansen i næringslivet i Lindås.
At det vert sikra nytt næringsareal i alle ungdomskulekrinsane

Hus

Foto: Microsoft

Bustad- og utbyggingspolitikk

Venstre vil leggja til rette for og stimulera til at folk kan etablera seg i alle skulekrinsar i kommunen.

Lindås Venstre vil difor:

at kommunen er aktiv med å formidla ulike lån tildelt frå Husbanken.
at det vert lagt til rette for eit allsidig bustadtilbod med rimelege tomter, rekkjehus og generasjonsbustader i alle ungdomskulekrinsar
at ein opnar for einskildbustader i område med spreidd busetnad, for å ivareta aktiviteten i alle skulekrinsane.
at Lindås, Ostereidet og Knarvik vert stimulerte til å utvikle seg som sentra for kommunale og private tenester, og at byggjefelt vert plasserte slik at dei stør opp om lokale sentra, offentlege barnehagar og skular.
at små og store bruk i Lindås skal ha fastbuande. Me vil difor som hovudregel gå imot at det vert gjeve dispensasjon frå buplikta

Eldre, gamle

Foto: Microsoft

Eldrepolitikk

Dei eldre utgjer og ein ressurs i samfunnet, som Venstre meiner kan brukast på ein positiv måte. Tilhøva må leggjast til rette for ein verdig tilvære for dei eldre.

Lindås Venstre vil difor:

leggja tilhøva til rette for bygging av seniorbustadar.
at aktiviserande tiltak for eldre vert støtta.
at kommunen har eit godt utbygt heimebasert omsorgstilbod.
styrka ordninga med omsorgsløn og forbetra avlastningstilbodet
at det vert dagtilbod for eldre i Knarvik, Ostereidet og på Lindås, der dei m.a. har fast tilgang til fagpersonell.
at det vert lagt til rette for andre aktørar innan eldreomsorga, som t.d. friviljuge og ideelle organisasjonar
At Lindåstunet får trygge rammevilkår

Kultur, teater

Foto: Microsoft

Kultur og idrett

Venstre vil kjempe for den eigenverdien kulturen har. Mangfaldet i kulturlivet må støttast. Det må arbeidast for at det frivillige organisasjonslivet får gode tilhøve i alle bygder.

Lindås Venstre vil difor:

at det vert etablert gravplass og prosjektert kyrkje i Knarvik.
ha gode bibliotektilbod både i Knarvik, på Lindås og Ostereidet
at bibliotektenesta vert vidareutvikla og utvida til allsidige informasjonssentra
at det vert bygd symjebasseng på Lindås
at det vert arbeidd for regionalt kulturhus sentralt i Knarvik, med kino, konsertsal, utstillingslokale m.m.
at framandkulturelle også vert engasjerte i kulturlivet.
at kulturbudsjettet sin del av det totale kommunebudsjettet vert auka.
oppretthalda bokbussen
gje tilskot til lokale grende- og ungdomshus og frivillige organisasjonar sitt arbeid

Medisin, helse

Foto: Microsoft

Helse og sosial
Venstre vil styrka velferdssamfunnet. Det er uverdig når menneske med dårleg helse må stå lenge i kø for å få legehjelp, pleie og behandling.

Lindås Venstre vil difor:

arbeida for at desentraliserte spesialisthelsetilbod vert etablert i Nordhordland
støtta opp under dagens legevaktsentral i Knarvik.
oppretthalda legesentertilbodet på Ostereidet og Lindås
at ventetid og køar vert reduserte, og meir av ressursane vert nytta til omsorgsarbeid.
at tilbodet i primærhelsetenesta vert betra, slik at det vert lettare tilgang til lege og helsesøster i alle deler av kommunen.
at kommunen tek større ansvar for og følgjer opp rusmisbrukarar, og satsar meir på førebyggjande arbeid.
styrka barnevernet og arbeida for at "Krisesenteret for kvinner" får meir ressursar.
at det ikkje vert gjeve skjenkeløyve der born og unge ferdast, og at nye skjenkeløyve berre vert gjeve til restaurantar og hotell.

Skolebarn

Foto: Microsoft

Skulepolitikk

Venstre ser på auka satsing på skule og utdanning som den viktigaste investeringa samfunnet kan gjera. Skulen skal formidla kunnskap, utvikle forståing og representera mange av dei sentrale verdiar som vi byggjer samfunnet vårt på. Skulen må ta omsyn til elevane som einskildmenneske – med individuelle behov.

Lindås Venstre vil difor:

ta vare på noverande skulestruktur og ha ein fast rektor på kvar skule.
at skulane vert rusta opp, og at det vert satsa på gode læringsmiljø, inneklima og leikeareal.
at det vert arbeidd for at læreressursen til grunnskulen vert prioritert, og at det vert løyvd nok pengar til lærebøker og anna undervisningsmateriell.
senka foreldrebetalinga i barnehagane, og sikra at kommunale og private barnehagar vert behandla likt.
at ein tryggare skuleveg vert prioritert for alle elevar, og at dei som har utrygg skuleveg får fri skuleskyss.

ungdom

Foto: mk

Ungdomspolitikk

Born og ungdom er viktige ressursar. Me må møta deira behov for sjølvstende ved å leggja til rette slik at dei i større grad kan ta ansvar for eiga fritid og stø tiltak i samband med den.

Lindås Venstre vil difor:

at dei vidaregåande skuletilbodet i Nordhordland vert styrkja.
at Ungdomsrådet får same status som Eldrerådet i kommunen, t.d. ha uttalerett i viktige saker
at kommunen aktivt støttar rusfrie arrangement for ungdom
at det vert fleire tilbod til "uorganisert" ungdom, t.d. ved å leggja til rette for fleire ungdomsklubbar i alle ungdomskulekrinsane
passa på at ungdomen får gode rammevilkår når det gjeld treningstider i Nordhordlandshallen og andre stadar.

Natur

Foto: Luth

Miljø og naturvern

Venstre vil arbeide for at handling på det lokale plan skal verta eit viktig verkemiddel for å taka vare på miljøet. Venstre vil forvalta natur-, frilufts- og kulturlandskap med varsemd!

Lindås Venstre vil difor:

at miljøomsynet vert sett i fokus i arealplanlegginga i kommunen, og at matjorda vert teken vare på.
at alle kommunale vedtak vert fagleg utgreidd med omsyn til miljøkonsekvensar.
at det skal løna seg å kompostera og sortera avfallet sitt sjølv
at kommunen stimulerer til ei brei deltaking for å styrkja miljøvernengasjementet og miljøarbeidet, jfr. Kyoto-avtalen
at hyttebygging skal skje i regulerte felt og ikkje spreidd overalt i kommunen.
vera liberale når det gjeld spreidd bustadbygging ute i dei mindre skulekrinsane, når tomta ikkje kjem i konflikt med verdifull matjord og andre viktige arealinteresser.
opna for tradisjonell naustbygging i eller ved eksisterande naustmiljø, når det ikkje kjem i klar konflikt med andre interesser.
arbeida for at det vert lagt til rette for miljøvenleg energiproduksjon t.d. biobrenselanlegg og fjernvarmeanlegg, og at det vert laga klimaplan for Lindås
passa på at kommunen tek viktige estetiske omsyn når hus og anlegg skal byggjast
at kommunen set krav til at entreprenørar følgjer regelverket og jobbar etter miljøvenlege kriterier
styrka oljevernet i Nordhordland

Samferdsel

Foto: Ottar Kaasa

Samferdsle

Eit levedyktig lokalsamfunn krev eit godt samspel mellom kollektive rutetilbod og privatbilisme. Lokalområda må få så godt kollektivtilbod at det er mogeleg å bu i distrikta utan privatbil. "Mjuke" trafikantar må sikrast trygg ferdsle med fleire gang- og sykkelstiar. Det må satsast meir på å styrka og forbetre det lokale vegnettet rundt omkring i kommunen. Vegnettet mot Bergen må styrkast med tunnell til Åsane.

Lindås Venstre vil difor:

ha nye rundkjøringar i Knarvik og ny veg forbi Isdalstø/ Hordasmia
få fart på bygging av lang tunnel på E-39 frå Klauvaneset ved Nordhordlandsbrua til Åsane.
at det vert oppretta fleksible minibuss/drosje-ordningar frå utkantane retta mot sentrale ruteopplegg, og at rutetilbodet om kvelden og i helgene vert betra.
at vegutbetringar vert gjort slik dei er vedtekne i trafikksikringsplanen til Lindås kommune med mellom anna fleire gang- og sykkelvegar.
arbeida hardt for å oppgradera fylkesvegane rundt omkring og arbeida for å forbetra vedlikehaldet av desse
arbeida for å få midtskilje på hovudvegane, for å få tryggare ferdsle
på sikt ha bybane til Nordhordland, og jobba for ekspressbussruter til Flesland

Tenesteerklæring for Lindås Kommune

Venstre vil prioritera høg kvalitet på den kommunale drifta. Venstre meiner difor at alle etatar og institusjonar i kommunen skal utarbeide klare og forpliktande skriftlege retningsliner for arbeidet sitt. Desse tenesteerklæringane skal ha som hovudmål å syna brukarane kva dei kan forventa av etatane, og gje realistiske forventningar. Dei skal bidra til å skape tillit til etatane og til offentleg forvaltning. Innbyggjarane skal få tilsendt desse erklæringane etter at kommunestyret har godkjent dei. Slik vil tenestetilbodet i etatane i Lindås kommune verta betre, og brukarane kjenner seg tryggare i møtet med kommunen. Personalpolitikk og seniorpolitikk skal også omfattast av slike tenesteerklæringar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**