Ved å lage klimaplanar der kommunane blir meir medvitne på innkjøp, energisparing, oppvarming og ei rekkje andre felt der kommunane kan tenkje grønt, kan kommunane gje sitt bidrag til at klimaet blir betre og at den menneskeskapte oppvarminga minkar, seier Eli Skaatun og Einar Warholm.
Skaatun er gruppeleiar og ordførarkandidat for Ulstein Venstre, Warholm er gruppeleiar og ordførarkandidat for Hareid Venstre. Venstre sine partigrupper i Hareid og Venstre vil i neste kommunestyreperiode kome med framlegg i kommunestyra om å utarbeide klimaplanar for Hareidlandet. Dette for at kommunane skal bidra med det dei kan for å skape eit betre miljø og minske forureinande utslepp. Men dei vil òg at kommunane skal gjennomføre haldningskampanjar for å gjere innbyggjarane på øya meir medvitne.
Kommunane er store bedrifter som rår over innkjøp og tiltak som kan gjere at det blir levert små, men viktig bidrag i oppfølginga av FN sine klimarapportar, forklarer Skaatun.
Me må alle hjelpe til slik at framtida kan bli ein rein fornøyelse, slår Warholm fast.
Kilde (Vikebladet)