Venstre støttar Frp i legevaktsaka

Einar Warholm i Hareid venstre og Eli Skaatun i Ulstein Venstre har slått seg saman og støttar Framstegspartiet sitt ynskje om ei felles legevakt på Ytre Søre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Vi har bestemt oss for å støtte Frp i denne saka. Det er for langt å reise til Volda for å kome på legevakta, seier Einar Warholm. Han meiner eit slikt tilbod vil vere eit tilbakesteg for folk her ute, og det vil ramme dei svakaste gruppene i samfunnet verst.
Det tek meir enn berre 5-10 minutt frå yttarste kant av vårt distrikt og inn til Volda. Dessutan er det ei dyr reise både for den som tek turen innover, og for legar som må rykkje ut til sjukeheimar her ute, meiner Venstreleiaren. Han vil karakterisere det som tull å legge eit legesenter i Ørsta eller Volda, når avstandane er så store.
Eit legesenter for Ytre Søre Sunnmøre kan godt ligge i Myrvåg. Då kan vi få til ei samlokalisering med til dømes barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) i tillegg, slår han fast. Han meiner ei lokalisering i Myrvåg vil vere ideell, for då slepp kommunane å krangle seg i mellom om legesenteret skal ligge i Ulstein, Hareid, Herøy eller Sande. Til Myrvåg er det kort reisetid for dei fleste, og Warholm ser på dette som eit bra forslag.

Kilde (Vikebladet)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**