Kunnskap og kvalitet i skulen

Eitt av hovudsatsingsområda for Venstre dei fire neste åra er skule. Vi vil gjere skulane i fylket og i kommunane betre. I motsetnad til mange andre parti, vil vi gjere dette ved å fokusere på innhaldet i skulen. Venstre ønskjer ein skule med kunnskap i fokus. Det betyr ikkje at Venstre ikkje er opptatt av ting som skulemat og kvaliteten på skulebygga. For dette er også faktorar som er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Men det viktigaste er likevel å få elevar som ivrar etter ny kunnskap

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Alle veit vi at det er kunnskapssamfunnet vi skal leve i og av i framtida, og då er vi avhengige av at barn og unge veks opp i eit samfunn der det vert lagt til rette for kunnskap. Då må vi starte med læraren som er den viktigaste enkeltfaktoren som trengs for å lære elevane det dei treng å vite. For at læraren skal få naudsynt status som kunnskapsformidlar, må vi få att respekten for læraren. Læraren må respekterast for kunnskapen han har og for den innsatsen han gjer for å vidareformidle dette til elevane. Det å vere lærar er ei av dei viktigaste oppgåvene i samfunnet vårt, og det krevst mykje av ein lærar både fagleg og sosialt i dag.

Det er heilt rett at samfunnet skal kunne stille høge krav til menneske som har ei så viktig forvaltingsoppgåve for barna våre og i utforminga av kunnskapssamfunnet i framtida. Men kanskje er det også rett at lærarane skal kunne stille nokre krav attende i høve til det å bli utrusta for den oppgåva som ligg framfor dei.

Venstre vil gi lærarane eit kompetanse år. Det betyr at lærarar som har arbeidd i skulen i eit visst antal år, skal kunne ta eit års permisjon for å enten styrke kompetansen sin gjennom vidare studiar eller hospitere i relevant stilling i ei privat bedrift. Dermed får læraren styrka fagleg kompetanse, betre kunnskap og kontakt med næringslivet og nye krefter til å gå inn att i skulen med. Dette kjem både eleven, læraren sjølv og samfunnet til gode. Vidare vil eit slikt etterutdanningstilbod gjere fylke og kommunane til ein attraktiv arbeidsplass i ei tid med stram arbeidsmarknad og aukande behov for lærarar i åra som kjem.

Jens Stoltenberg og Arbeidarpartiet vil gjere skulen til heildagsskule for å få verdas beste skule. Venstre vil styrke kvaliteten på dei timane skulen har i dag! Vi har altfor mange bortkasta undervisningstimar fordi læraren er skuletrøytt og har gått tom eller fordi elevane ikkje er mottakelege for kunnskap.

Alle som stemmer Venstre ved dette valet, skal vite at vi kjem til å kjempe for å sette kunnskap i fokus og sette kvalitet framfor kvantitet. Det viktigaste for oss er at elevane ser nytten av å tileigne seg kunnskap og kjenner gleda av å lære. Då må vi ha lærarar som er rusta til denne viktige oppgåva.

Gunn Berit Gjerde

1.kandidat for Venstre i Møre og Romsdal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**