Hjelmeland Venstre i Strandbuen

Venstre i Hjelmeland og fyrstekandidaten Sigmund Hagen vart presenterte i Strandbuen. Her er artikkelen som stod på trykk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Sigmund Hagen

Foto: Tore Nilsen

Styrmann Sigmund Hagen (48) er Hjelmeland Venstre sin førstekandidat til valet. Han har alltid brent for skule,og synest det er tragisk at Randøy skule nå er lagt ned.

— Dei kunne gitt Randøy meir tid sidan det har blitt oppretta ein komité som jobbar for å skaffa fleire innbyggarar. Dei klarte det på Jøsneset. Å leggjaned skulen var eit skot forbaugen for Randøy som bygd,slår Hagen fast. — Å kalla nedlegginga ei midlertidig nedlegging er ein ufin måte å gjera det på, for då trengst det ikkje så mykje rutinar for å få det gjennomført,held han fram.

Sigmund Hagen kjem fråErfjord, men flytta til Hjelmeland og Prestegarden for sju år sidan.Sidan 1994 har han vore styrmann på «MFHjelmeland». Nå har han styrt sitt politiske engasjement fram til ein førsteplass på vallista. Ved førre val var han på tredjeplass.

Venstre har vore eit av dei partia som har røysta mest imot å gi dispensasjonar frå regulerings bestemmelsar denne perioden. Det er ein trend dei vil halda fram med.

Slepphendt arealstyring
Nå har det nettopp kome ein ny kommuneplan, og det gjekk ikkje mange vekene før fleirtalet av politikarane byrja å dispensera frå denne planen. Det skal jo vera ei meining med ein kommuneplan, det er jo derfor kommunen set i gang ein så omfattande, dyr og tidkrevjande prosess med å rullera han, seier Venstretoppen. — Politikarane har vore litt vel slepphendte denne siste perioden. Kommunen blir styrt veldig blått,meiner han. Likskap for lova når det gjeld forvaltning er han også opptatt av.

— Det er slik at det kan vera ein fordel å ha dei rette etternamna i Hjelmeland. Mange privatpersonar har kome til meg og sagt at dei føler seg overkøyrd av kommunen. Slik skal det ikkje vera. Hjelmeland kommune må bli flinkare til å setja innbyggarane i sentrum,slår Hagen fast.

Hjelmeland Venstre seier i sitt partiprogram at dei vil redusera kommunen sine driftskostnader og lånegjeld, unngå nye låneopptak og ha ein strengare budsjettdisiplin.— Når det gjeld økonomi, så har det jo kome seg litt i Hjelmeland kommune dei siste åra. Det gjeld å halda fram med å ikkje vera for slepphendte. Der har eg same haldninga som eg har til oppretting av fleire stillingar i administrasjonen. Det må vera ei kritisk vurdering til stades heile tida,meiner 48-åringen.

Når det gjeld arealstyring så vil Hjelmeland Venstre vera restriktiv når det gjeld hytte-bygging i 100-meterssona. — Det skal ikkje vera hytter i100-metersbeltet. Bygginga av hyttebyen i Sandangervågen, tildømes, er eit skrekkeksempel og burde ha blitt stoppa. Eg erheller ikkje så begeistra for store konsentrasjonar av hytter,seier Hagen.

Vil ha miljøplan
Hjelmeland Venstre ønskjer at det skal utarbeidast ein eigen miljøplan for Hjelmeland kommune. Elles så vil dei slå saman Hjelmeland Næringsutvikling(HNU) og Landbrukskontoret. — I forhold til kva HNU blir tilført,så får kommunen lite igjen,synest listetoppen.

Å gi både ungdomsråd og eldreråd meir medråderett har vore ei kampsak for Venstre i Hjelmeland ved fleire val, også i år. For å lokka ungdommane tilbake til kommunen ønskjer dei å ha ei utdanningsmesse lokalt i kommunen, kor dei arbeidsplassane som finst i kommunen kan bli presentert for ungdommen.

Når det gjeld kommunalbustadpolitikk, har Hagen følgjande å seia: —Hjelmeland kommune har lagt altfor mykje i hendene til næringslivet. Kommunen burde ha vore meir aktiv og lagt til rette for kommunalebustadfelt. Næringslivet sel meir eller mindre tomter med bustad og nøkkelen i døra.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**