Hå Venstre har fylgjande kommentarer til det framlagde utkastet til kommuneplan for 2007 2022 :
Planprosess og høyringsfrist:
Venstre finn det svært lite tilfredsstillande at dette planforslaget er lagt ut til høyring midt i ferietida. Hvis det er meininga at t.d. lag og organisasjonar og ikkje minst innbyggjarane i Hå skal kunna delta i prosessen og tilslutt få eit eigarskap til denne planen så burde denne fristen vore sett på ei anna tid av året.
Venstre foreslår å utsetja fristen til etter valget slik at dette kan bli ei sak i valgkampen. Det vil gjera det langt meir spennande å vera politikar i Hå framover.
Rullering av kommuneplan:
Venstre vil også foreslå at ordninga med å rullera kommuneplanen heilt i slutten av kommunestyreperioden blir endra. I ei tid då det er viktig å styrka interessa for folkestyret så blir det feil for dei nyvalte kommunestyrerepresentantane å venta til nesten heile perioden er slutt før dei får høve til å vera med på å endra kommuneplanen.
Venstre foreslår at rulleringa av kommuneplanen blir endra slik at det nye kommunestyret også får høve til å delta i denne prosessen. Eit forslag til korleis dette kan gjerast er å la det gamle kommunestyret utarbeida eit forslag, leggja det ut på høyring i valgkampen og så la det nye kommunestyret gjera prosessen ferdig og vedta den nye kommuneplanen. Det ville truleg gi eit langt meir levande folkestyre.
Jordvern:
Venstre er svært bekymra over dei haldningane til jordvern som kjem fram i dette planforslaget. I eit nasjonalt perspektiv er det ingen tvil om at Hå kommune er ein av dei aller viktigaste kommunane for produksjon av mat. Ein svært stor prosent av arealet i kommunen er dyrka eller dyrkbar jord. Vi er bokstaveleg talt busett midt i matfatet. Då må også politikarane i Hå ta eit nasjonalt ansvar for å ta vare på denne matjorda.
Det framlagde planforslaget legg om vi har rekna rett opp til å ta heile 762 dekar matjord (549 dekar fulldyrka areal og 213 dekar innmarksbeite) til utbyggingsføremål i planperioden. Det er eit areal som tilsvarer godt over 100 fotballbanar for å bruka ein enkel symbolikk.
"Fylkesdelplan for Jæren", som er eit viktig overordna plandokument, har trekt langsiktige grenser for landbruket som det er meint skal ha eit 40-års perspektiv. Hvis ikkje Hå kommune skal gå tom for utbyggingsareal lenge før den tid så må ein rasjonalisera kraftig på bruken av areal i høve til det forslaget som nå ligg føre.
Venstre meiner dette er heilt feil arealpolitikk og foreslår å senda planforslaget tilbake til rådmannen for å få eit nytt forslag med ei langt meir restriktiv haldning til bruk av matjord. Venstre meiner og at prinsippa frå "Fylkesdelplan for Jæren" om at det skal leggjast opp til langt tettare bustadbygging nær jernbanestasjonane må tas på alvor i langt større grad enn nå og dette må sjåast i samanheng med jordvern-problematikken.
Kommentarer til kvart enkelt geografisk område:
Nærbø:
På Nærbø er det nå førsteklasses matjord på alle sider av det bebygde arealet. Skal vi ta
jordverntanken på alvor så krev dette fullstendig nytenking for heile dette området. Det må
vera lov å stilla spørsmål ved om det i det heile tatt skal byggjast fleire einebustader på
Nærbø. I alle fall må dei få gjenverande tomtene nyttast langt betre enn det som nå
er lagt opp til. Det må også stillast spørsmål ved om det finnes areal i sentrum som kan
nyttast betre til å byggja høgare bygg i staden for å ta meir matjord.
Varhaug:
På Varhaug er det også førsteklasses matjord som er i ferd med å bli bygd ned. Samstundes ligg det store areal i sentrum som utvilsamt kunne vore betre nytta. Heile arealet frå "Bøen" og nordover langs jernbanelinja bør på sikt kunna utnyttast betre som kombinert bustads og næringsareal. Store deler av dette området er i dag nærings og trafikkareal med svært dårleg utnytting. Ref. punkt. 2.1 i retningslinjene for arealbruk.
Vigrestad/Stokkelandsmarkene:
Venstre meiner at det er på tide at Hå kommune tar eit nytt krafttak for å gjera Stokkelandsmarkene meir attraktivt som bustadområde. Dette området har ennå ikkje fått den avlastningsfunksjonen som dette området var tenkt å ha når det vart planlagt. Venstre foreslår å ta ut dei nye føreslåtte bustads og næringsområda på Vigrestad Sør inntil Stokkelandsmarkene er nærare ferdig utbygd.
Søre deler av kommunen:
Den søre delen av kommunen frå Stokkelandsmarkene til Holmane er truleg i framtida det mest realistiske område til å leggja til rette for vidare større utbygging av bustadområde. Her ligg det i dag 4 jernbanestasjonar innanfor eit område på 12 14 km og det finst relativt store områder som ikkje er og ikkje kan bli – dyrka mark. Venstre meiner det må leggjast ein langsiktig strategi for korleis det skal satsast på dette området, både når det gjeld bustadområde, næringsområde og ikkje minst ei kraftig opprusting av kollektivtilbodet i dette området.
Miljøpolitikk:
Venstre er glad for at planforslaget slår fast at det skal førast ein aktiv miljøpolitikk, men vi er bekymra for at vi hittil har sett lite til dette i praksis. I dei sakene der det er konflikt mellom miljøinteressene og andre interesser er det svært ofte miljøinteressene som taper.
Til tross for at kommunen har slutta seg til "Fredrikstad-erklæringa" så er det lite som tyder på at dette blir aktivt fylgd opp i praksis.
Venstre foreslår at stillinga som Miljøvernleiar blir oppretta på ny, direkte underlagt rådmannen, med ressursar til å gjera dette arbeidet skikkeleg.
Venstre foreslår også at det vert sett fortgang i arbeidet med å utarbeida ein lokal klimaplan med sikte på å redusera dei lokale utsleppa minst i samsvar med nasjonale mål.
Frivillige lag og organisasjonar:
Ein kommune som Hå, med så aktiv dugnadsånd og så mange aktive og dyktige lag og organisasjonar bør ha ein aktiv strategi til korleis kommunen skal samarbeida med desse. Ikkje minst er dette viktig i høve til idrettslaga og bygging og framtidig drift av idrettsanlegg i alle deler av kommunen.
Venstre foreslår at kapittel 5 : Dei gode nærmiljøa, vert utvida og at det vert laga ein plan over korleis eit aktivt samarbeid mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar skal foregå til glede og nytte for alle parter.
Folkehelse og friluftsliv:
Hå kommune har i dag store friluftsområde som er mykje brukt og viktige både lokalt og i regional samanheng. Ikkje minst er Jærstrendene eit av dei flottaste områda i landet for aktivt friluftsliv. Dette er eit stort fortrinn i det generelle arbeidet for folkehelse i kommunen og bør utnyttast betre.
Venstre meiner at neste steg i dette arbeidet må vera å knyta saman tettstadene i kommunen med dei eksisterande friluftsområda, t.d. ved å leggja turstiar langs med vassdraga i kommunen. Dette går det an å få til gjennom aktiv bruk av Regionalt miljøprogram for landbruket og i eit aktivt samarbeid med Aksjon Jærvassdrag, som har samanfallande interesser.