Vasskraftverdiane må vere att i kommunar og fylkeskommunar

Formuesverdiane som ligg i vasskraftproduksjonen er formidable. Venstre vil at ein greier ut korleis desse formuesverdiane skal fordelast mellom forvaltningsnivåa, når stat, kommune og fylkeskommune er eigarar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Vasskraftverdiane må vere att i kommunar og fylkeskommunar
Dommen i EFTA-domstolen, som slår fast at det er i strid med EØS-reglane og ulovleg når Noreg handsamar private og offentlege vasskrafteigarar ulikt. Skal kommunane og fylkeskommunane også levere tilbake vasskraftverka etter 60 år slik private eigarar må, eller skal private eigarar heretter sleppe tilbakelevering etter 60 år?

Spørsmåla er mange, og det er ikkje enkelt å avgjere kva svar ein skal gje på dei. Mange kommunar i Sogn og Fjordane og fylkeskommunen har store verdiar investert i vasskraftproduksjon. Dette er midlar investert på dagens vilkår. Det er difor urimeleg om kommunane og fylkeskommunane skal mista desse verdiane til staten, ved heimfall.
Må dei lokale og regionale offentlege eigarane levere vasskraftproduksjonen tilbake til staten vil det kunne motivere desse til å selje vasskraftproduksjonen. Det ønskjer ikkje Venstre.

Venstre vil stå fast på full heimfallsrett til vassfalla våre for å sikre nasjonal kontroll med vasskraftressursane. Kommunar og fylkeskommunar er gode eigarar av norsk vasskraft, og desse interessene må takast i vare. Dersom heimfall heretter også må gjelda for kommunalt og fylkeskommunalt eigde kraftverk, må det lagast ei ordning som sikrar at kommunane / fylkeskommunen ikkje vert økonomisk skadelidande.

Formuesverdiane som ligg i vasskraftproduksjonen er formidable. Venstre vil at ein greier ut korleis desse formuesverdiane skal fordelast mellom forvaltningsnivåa, når stat, kommune og fylkeskommune er eigarar. For Venstre er det avgjerande at heimfallsordninga ikkje skal medverke til massiv formuesoverføring frå kommunar og fylkeskommunar til staten.

Rolf Nesheim, Leikanger

Rolf Nesheim

Foto: Valavis 2005

3. kandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**