Venstre sine 10 liberale prinsipp

Hordaland Venstre tek utgangspunkt i ein liberal ideologi.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


1. Fridomen skal gjelda overalt, for alle
Målet for liberalismen er einskildmennesket sin fridom. Venstre vil gjera det lettare for den einskilde å ha råderett over sitt eige liv – for begge kjønn, på tvers av landegrenser, kulturell bakgrunn, livssyn og legning.
Vi kviler først når fridomen gjeld alle stader, for alle.

2. Det personlege ansvaret er ufråvikeleg
Alle har ansvar for seg sjølv. For Venstre er dette like grunnleggjande som retten til fridom. Vi er sterke i trua på at dei som får høve til å ta ansvar vil gripa sjansen , og at dei på det viset vil få auka eigeverd og fridom.
Dei som ikkje er i stand til å ta ansvar for seg sjølv, skal få hjelp frå samfunnet til å leva eit verdig liv.

3. Alle har ansvar for kvarandre, for miljøet og for komande generasjonar
Alle har ansvar for kvarandre og for å sikra at komande generasjonar har same høve til å nytta fridomen sin som oss. Vi pliktar å hjelpa andre med å sikra føresetnadene for frie liv, m.a. ved å byggja sterke felles institusjonar, ved å kjempa mot fattigdom og ved å ta vare på naturen.

4. Fellesskap og rettferd er nødvendig for å sikra reell fridom.
Rettferd, eigeverd og like sjansar for alle er kjenneteikn på ei fri verd. Frie samfunn har lokale, nasjonale og globale einskapsinstitusjonar, og eit godt sikringsnett for alle. Frie samfunn er rettferdige og opne — der alle med dei nødvendige evner og vilje til innsats, skal kunne nå einkvar posisjon i samfunnet.

5. Alle er like mykje verd, men ingen er like
Liberalismen er raus. For Venstre er det ein verdi i seg sjølv at menneska er ulike og gjer ulike val. Respekten for at folk er ulike er inkluderande fordi det gjer folk nyfikne i møte med det ukjente, og toleranse for at det gode liv ikkje er likt for alle.
Toleranse betyr respekt, ikkje likesæle eller feighet.

6. Politikk skal fremja livskvalitet og menneskeleg vekst
Det liberale engasjementet for fridom går lengre enn å sikra alle materiell tryggleik og velstand. Alle stader vert det gode liv kjenneteikna av meir enn det materielle — av kultur og åndsliv, frivillig arbeid og læring.
Liberal politikk skal sikra at dette vert reelle mogelegheiter for alle i samfunnet.

7. Politisk makt skal komma nedanfrå.
Politisk makt og styring skal forankrast i demokratiske institusjonar med røysterett for alle. Demokrati, ytringsfridom, organisasjonsfridom og trusfridom er grunnleggjande liberale rettar.
Dei viktigaste avgjerdene som gjeld fellesskapet, skal takast av folkevalde organ.

8. Makt skal spreiast og balanserast.
Eit liberalt samfunnssystem har fire berebjelkar: Demokratiet, rettsstaten, det sivile samfunn og marknadsøkonomien. Venstre er oppteken av å sikra at desse institusjonane er opne, uavhengige og i samspel. Ei slik spreiing av makt, og opne avgjerdsprosessar, er naudsynt for å hindra autoritær politikk, maktmisbruk og korrupsjon.

9. Den liberale staten er upartisk, sterk og avgrensa.
Den liberale staten må byggja sterke einskapsinstitusjonar for å sikra fridom og like sjansar for alle, utan å ta frå den einskilde ansvar. Staten må vera nøytral i høve til livssyn. Den liberale statsmakta må respektera avgrensingar i eiga makt. Staten har eit særleg ansvar for å verna om mindretalet sine rettar.

10. Liberalismen er optimistisk og alltid på veg.
Det liberale samfunnet er alltid på veg og ope for betre løysingar, skapt gjennom krafta i dei gode argumenta og gjennom menneske som får brukt evnene sine. Venstre sin optimisme er bygt på ein sterk tillit til skaparkrafta i det einskilde mennesket og tru på at det i fellesskap er mogeleg å leggja grunnlag for frie liv, alle stader – for alle.

Liberal

Foto: MK

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**